Faktaboks

Administrasjonssenter
Svortland
Fylke
Vestland (frå 1.1.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
12 061 (2022)
Landareal
235 km²
Høgaste fjell
Siggjo (474 moh.)
Innbyggjarnamn
bømling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4613 (frå 1.1.2020, tidlegare 1219)

Kommunevåpen

Kart: Bømlo kommune i Vestland
Bømlo kommune i Vestland fylke.
Kart: Bømlo kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Bømlo er ein kommune i Vestland fylke, på nordsida av Bømlafjorden, den ytste delen av Hardangerfjorden. Saman med Sveio ligg Bømlo lengst sørvest i fylket. Heile kommunen ligg på øyar og omfattar øyane Bømlo (Bømmeløy, 171 km2), Goddo (16 km2) og Moster (12 km2), og dessutan rundt 1000 andre øyar, holmar og skjer. Fram til 2020 høyrde Bømlo kommune til Hordaland fylke.

Bømlo kommune blei oppretta i 1916 ved at den dåverande Finnås kommune blei delt i tre: Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 blei dei tre nemnde kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1995 då øyane Aga og Agasystra i nordaust og Gisøya, Vikøya og Selsøy i nord, begge øygruppene med nokre mindre, omliggande øyar, for det meste utan busetnad, blei overførte frå Fitjar til Bømlo kommune. Til saman utgjorde desse øyane om lag 16 kvadratkilometer og hadde eit folketal på 225 ved overføringa.

Bømlo grensar i søraust til Sveio, i aust til Stord og Fitjar og i nord til Austevoll. Alle grensene er i sjøen.

Natur

Bømlo

Bømlo. Bremnes-området sett frå sør. Svortland midt i biletet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Mosterhamn
Mosterhamn på øya Moster ligg i Bømlo kommune.

Heile Bømlo kommune ligg innan den kaledonske foldesona, men berggrunnen varierer atskilleg med omsyn til karakter og opphav. Nord for Hiskosen-Finnåsvika, som nesten deler øya Bømlo i to, dominerer djuperuptiv, vesentleg gabbro, nordover til ei linje Økland-Folderøy og granitt lenger nord. I sør er berggrunnen meir samansett med vekslande sørvest-nordaustgåande belte av dels omdanna kambrosiluriske avsetningar (fyllitt, glimmerskifer, konglomerat med meir), dels bergartar av vulkansk opphav som har trengt gjennom desse avsetningane, blant anna grønstein og dioritt.

Bømlo har ein svært varierande natur, frå eit nakent, skogfritt landskap ut mot havet i vest til frodige og lune parti mot aust. Landskapet er stort sett småkupert og lågt, men hevar seg i fjellet Siggjo (474 moh.), eit kjent seglingsmerke sentralt på øya Bømlo.

Busetjing

Bømlo har ei jamt fordelt busetjing. Kommunen hadde i 2023 i alt seks tettstader: Svortland, Rubbestadneset, Folderøy og Steinsvåg sentralt i kommunen, Mosterhamn i søraust og Langevåg i sør. Av folketalet i kommunen bur i alt 60 prosent i tettstader (2023). Administrasjonssenter og største tettstad er Svortland (3111 innbuarar 2023) som har postadresse Bremnes.

Bømlo (med dagens grenser) har hatt vekst i folkemengda i heile etterkrigstida. I tiårsperioden 2013–2023 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 0,4 prosent årleg, mot 0,7 prosent i Vestland fylke (etter dei noverande grensene).

Kart over Bømlo kommune
Kart over Bømlo kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk og fiske er viktige næringar, men i sysselsetjing har industrien klart større betydning. Industrien omfattar 24 prosent av arbeidsplassane i Bømlo, 36 prosent om ein tek med byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, medan primærnæringane omfattar i alt åtte prosent (2022).

Jordbruket er basert på husdyrhald, særleg sau og storfe. Rekna etter ilandført kvantum er Bømlo den viktigaste fiskerikommunen i fylket etter Austevoll, Bergen og Bjørnafjorden. Fiskeoppdrett er ei viktig næring, og Bømlo har fleire matfisk- og setjefiskanlegg.

Den største industribransjen i Bømlo er verkstadindustrien, særleg produksjon av maskiner og utstyr, med litt over halvparten dei tilsette i industrien (2022). Den største bedrifta er den tidlegare motorfabrikken på Rubbestadneset, Wärtsilä Norway A/S. Denne bedrifta produserer alle gear og vridbare propellar til det finske konsernet Wärtsilä. Av andre store selskap i Bømlo kan ein nemne Eidesvik Offshore ASA. Produksjon av næringsmiddel og drikkevarer, først og fremst fiskeforedling, er også ein viktig industribransje i kommunen.

Av dei busette arbeidstakarane i Bømlo har 29 prosent arbeid utanfor kommunen: 12 prosent i Stord/Fitjar, fire prosent i Stavanger-området (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg), tre prosent i Haugalands-området (avgrensa til Haugesund, Sveio, Tysvær, Vindafjord og Karmøy) og fire prosent i Bergen (2022).

Avisa Bømlo-Nytt kjem ut tre gonger i veka.

Samferdsel

Vegnettet er tett, og alle øyane der det bur folk, har brusamband, bortsett frå Espevær og Geitung, begge vest for øya Bømlo. Bømlo har samband til Stord og Haugalandet via Trekantsambandet (E 39 / fylkesveg 542).

Det er småbåtkanalar midt på Bømlo: Røyksundkanalen og Kulleseidkanalen. Hurtigbåtsamband fører frå Rubbestadneset til resten av Sunnhordland, Austevoll og Bergen. Ferjesambandet Langevåg–Buavåg (fylkesveg 541) gir kortaste veg med bil til Haugesund.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bømlo har vidaregåande skular på Svortland og på Rubbestadneset. På Finnås ligg Bømlo folkehøgskule. Bømlo sjukeheim ligg på Svortland.

Bømlo høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Bømlo kommune svarer til dei fire sokna Bremnes, Bømlo, Lykling og Moster i Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bømlo til Søndhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bømlo

For statistiske formål er Bømlo kommune (per 2021) delt inn i fem delområde med til saman 37 grunnkrinsar:

  • Søre Bømlo: Espevær, Kallevåg, Hovland, Vorland, Tjong
  • Finnås: Stokvik, Hidle, Lykling, Vornes, Sakseid, Oldereid, Ersland
  • Moster: Totland, Grindheim, Notland, Mosterhamn, Eikeland, Håvik
  • Rubbestadneset: Folderøy, Innvær, Rubbestadnes, Solhøgda, Stongarvåg, Rolvsnes, Aga
  • Bremnes: Hiskjo, Mehus, Alvsvåg, Gilje, Meling, Stavland, Svortland, Brekke, Steinsbø, Hollund, Goddo, Brandasund

Historikk og kultur

Moster gamle kyrkje

Moster gamle kyrkje. Etter tradisjonen skal den første kyrkja på staden ha vore bygd av Olav Tryggvason i 998. Den noverande steinkyrkja er antakeleg bygd rundt 1150 på tuftene av den opphavlege kyrkja.

Moster gamle kyrkje
Av /Arfo forlag.

Steinkyrkja ved Mosterhamn er antakeleg bygd rundt 1150, på tuftene av den opphavlege kyrkja, som etter tradisjonen skal vere bygd av Olav Tryggvason i slutten av 990-åra. På Moster grunnla Olav Haraldsson det norske kyrkjesamfunnet ved den kristenretten han sette på rikstinget her i 1024 (Mostertinget). Mostraspelet, eit årleg skodespel om desse hendingane, blir vist i Moster Amfi utandørs. Ei stor markering av 1000-årsjubileet for innføringa av kristendommen fann stad i 1995. Det finst minnesteinar over Olav Tryggvason, Olav Haraldsson og biskop Grimkjell.

På Moster i søraust har det vore brote marmor og kalkstein. På Hespriholmen nordvest for Espevær var det ein regulær steinindustri i steinalderen, der grønstein i store mengder blei broten til våpen og reiskapar. På Lykling på vestsida av øya Bømlo var det drift etter gull av tre gruveselskap i perioden 1884–1910. På det meste var nesten 500 menneske i arbeid her, og resultatet blei i alt noko over 200 kilogram reint gull.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1980) viser eit sølvfarga sjøblad på raud botn. I Bømlo held ein seg til at det førestiller bladet av vasslilja, som er svært vanleg i dei mange tjerna og vatna i kommunen. Dei tre blada symboliserer òg dei tre tidlegare kommunane som utgjer Bømlo kommune i dag.

Namnet kjem av norrønt Bymbil, truleg opphavleg namn på ei høgd, i slektskap med bembel, ‘navle‘ eller ‘mage', her i tydinga 'tjukk, oppsvollen'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Halleraker, Jan Helge & Stavland, Anders: Tusen øyar : [ei fotografisk reise på Bømlo], 1994, isbn 82-7326-028-3
  • Sele, Kristine & Larsen, Jan Harald: Meir enn sirup : om handel og vandel på Bømlo, 1999, isbn 82-995338-0-5
  • Steinsbø, Simon, Hovland, Kari Shetelig & Kolle, Nils: Bømlo bygdebok, 1972-, 5 b.

Kommentarar (1)

skreiv Geir Thorsnæs

Statistisk sentralbyrå (SSB) opererer med Steinvåg som navn på tettstedet i sin oversikt over Norges tettsteder; skrivemåten er i Store Norskle Leksikon (SNL) endret til Steinsvåg i samsvar med stavemåten til Kartverket. En eventuell endring til Finnås må tas opp med SSB før slik endring kan komme på tale i SNL

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg