Svortland er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,7 km², og har 3011 innbyggjarar (2022).
Faktaboks
- Innbyggertall
- 3011 (SSB, 2022)
- Landareal
- 2,7 km²
- Tettstedsnummer
- 5045 Svortland
Svortland er administrasjonssenter i Bømlo kommune i Sunnhordland. Svortland ligg nordvest på øya Bømlo, mellom botnen av Straumfjorden og Storavatnet innanfor. Tettstaden er eit handels- og servicesenter, og her ligg Bømlo rådhus, Bremnes kyrkje og Bømlo kulturhus; sistnemnde vart opna i 2005.
Tettstaden er i stadig utvikling, og folkeauken i Bømlo kommune er størst rundt sentrum.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.