Faktaboks

Administrasjonssenter
Sola
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
27 568 (2022)
Landareal
69 km²
Høgaste fjell
Kjerrberget (102 moh.)
Innbyggjarnamn
solabu
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Sola kommune i Rogaland
Sola kommune i Rogaland fylke.
Kart: Sola kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sola

Sola. Den gamle hamna i Tananger var ei viktig fiskehamn og ventehamn for seglskip. Her blei det eksportert hummar til England og Nederland frå siste halvdelen av 1600-talet. Tananger har i dag ei stor oljehamn og betydeleg industri. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Sola er ein kommune i Rogaland fylke, på Jæren, sørvest for Stavanger og vest for Sandnes. Sola omfattar kysten frå Hafrsfjord og sørover til Feistein fyr, og dessutan slettelandet innanfor i ei breidd av mellom fire og sju kilometer.

Grensene har vore uendra sidan 1930, då den dåverande kommunen Håland blei delt i Sola og Madla. Sola hadde 3372 innbyggjarar då han blei oppretta som eigen kommune.

Sola har grense mot Stavanger i nord og nordaust, Sandnes i aust og søraust og Klepp i sør.

Natur

Solastranda.
Solastranda.

Landskapet er eit typisk jærlandskap der mektige isavsetningar, i hovudsak sandjord, dekker omdanna kambrosiluriske sediment i undergrunnen, vesentleg kalkstein og leirskifer. Ytst på Tanangerhalvøya finst inntrengde, magmatiske bergartar av kaledonsk opphav (sjå den kaledonske orogenese). Her er det største området i kommunen med fast berg i dagen. Det høgaste punktet i kommunen (Kjerrberget, 102 moh.) ligg aust for Stavanger lufthavn, Sola. Fleire myrar og vatn er uttappa og oppdyrka.

Øya Rott, som er den einaste øya utanfor Jæren med fast busetjing, er kjent for fuglelivet sitt. Rott er Noregs sørlegaste fuglevær.

Kommuneblomen er stemorsblom, også kalla natt og dag (Viola tricolor).

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på 2,1 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,7 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 148,3 millimeter, og minst er det i mai med normal på 62,1 millimeter. Målingane er gjorde ved Sola målestasjon.

Busetjing

Sola
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Den tettaste busetjinga finn ein sør og søraust for Hafrsfjord, eit område som utgjer den sørvestre delen av Stavanger/Sandnes tettstad. Her bur det 14 125 innbyggjarar, noko som svarer til 54 prosent av folketalet i Sola kommune (2016). I dette området ligg kommunesenteret Sola. Kommunen har i tillegg fire sjølvstendige tettstader (innbyggjartal 2016): Tananger (6528) og Kolnes (480), begge på vestsida av halvøya mellom Hafrsfjord og havet, og Hålandsmarka (970) og Stenebyen (1056), begge sørvest i kommunen, sørvest for flyplassen. I alt budde 89 prosent av innbyggjarane i Sola i tettstader i 2016, mot 88 prosent i fylket samla sett. Det er jamn busetjing i dei andre delane av kommunen.

Sola har hatt stor vekst i folketalet sidan andre verdskrigen, og folkemengda i kommunen i 2017 var 6,4 gonger høgare enn i 1946. I tiårsperioden 2007–2017 auka folketalet med gjennomsnittleg 2,3 prosent årleg, som etter tidlegare Rennesøy kommune var den sterkaste veksten blant kommunane i fylket. Til samanlikning var veksten i heile fylket gjennomsnittleg 1,6 prosent årleg i denne perioden.

Kart over Sola kommune
Kart over Sola kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Den viktigaste enkeltverksemda i kommunen er Stavanger lufthavn, Sola. I tilknyting til flyplassen ligg Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og helikopterbase for verksemda i Nordsjøen. Her ligg også Sola flystasjon (Luftforsvaret). Det er ein større forsyningsbase for petroleumsverksemda i Risavika/Tananger. Shells oljeraffineri i Risavika (etablert i 1968) blei nedlagt i 2000.

Sola har stor industri knytt til petroleumsverksemda, og av arbeidsplassane i kommunen er 29 prosent i industri, 47 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016). Desse prosentdelane er begge dei høgaste blant kommunane i fylket. Den viktigaste industribransjen er verkstadindustri, med heile 88 prosent av dei sysselsette i industrien, i hovudsak maskinindustri og bygging av skip og boreplattformer (2015). Sola har elles eit av dei største meieria i landet, og næringsmiddelindustrien har i alt åtte prosent av dei sysselsette i industrien i kommunen. Kommunen har elles ein del IT-bedrifter.

Sola er ein stor jordbrukskommune med dei trekka som pregar jordbruket på Jæren – eit intensivt husdyrbruk med mjølk, kjøtt og egg som dei viktigaste salsprodukta. Det blir òg dyrka mykje poteter og grønsaker i kommunen, særleg gulrot, og det er forholdsvis store areal under glas, der det mellom anna blir dyrka tomatar og agurkar. Elles har kommunen ein del bærdyrking.

Fisket betyr relativt lite i Sola, sjølv om kommunen er den viktigaste på Jæren målt etter fangst som er ført i land av fiskarar som er heimehøyrande i kommunen. I 2015 hadde fangsten ein førstehandsverdi på 8,5 millionar kroner.

I 2016 hadde 60 prosent av dei busette yrkesaktive i Sola arbeid utanfor kommunen, 35 prosent i Stavanger, 14 prosent i Sandnes og 4 prosent i resten av kommunane på Jæren. Av dei som hadde arbeidsstad i Sola i 2016, var på den andre sida 76 prosent innpendlarar frå andre kommunar, 31 prosent frå Stavanger, 18 prosent frå Sandnes og 13 prosent frå resten av jærkommunane.

Samferdsle

Sola har eit tett vegnett. Viktigast er fylkesveg 510 (Nesbuvegen) som frå fylkesveg 44 i Klepp fører via Tjelta og Sola sentrum til Hinna på E39 i Stavanger. Denne blir kryssa i Sola sentrum av riksveg 509 frå E39 ved Jåttå via Stavanger lufthavn, Sola og Tananger til Sunde i Stavanger. Der møter vegen E39, som fører nordover til Bergen og sørover til Kristiansand.

Frå Risavika er det bilferje til Bergen og Hirtshals i Danmark.

Stavanger lufthavn, Sola, er Noregs tredje største etter passasjertrafikk. Både flyplassen og Sola elles har hyppige bussamband til Stavanger og Sandnes.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I kommunen ligg Sola videregående skole.

Sola høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Sola kommune svarer til dei fire sokna Ræge, Sola, Sørnes og Tananger i Tungenes prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sola til Jæderen og Dalene fogderi (futedømme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sola

For statistiske føremål er Sola kommune (per 2016) delt inn i seks delområde med til saman 26 grunnkrinsar:

  • Tananger: Rott, Jåsund, Storevarden, Meling - Mæland, Hamrabukta, Snøde - Haga, Myklebust nordvest
  • Sola: Tjora, Kolnes, Sømme - Utsola
  • Håland: Solamarka, Ølberg, Håland, Rege
  • Dysjaland: Tjelta, Helleland, Dysjaland
  • Stangeland: Gimra, Solakrossen, Sande - Skadberg, Stangeland
  • Røyneberg - Grannes: Sande, Joa, Sørnes - Røyneberg, Sørnes - Grannes, Grannes

Historikk og kultur

På Ræge er det funne ei rekke gravhaugar frå bronsealderen (Rægehaugane). Desse er blant dei rikaste funna i landet frå denne tidsepoken. Av fornminne finst elles Domsteinane i Ølbergskogen, ein eigenarta steinformasjon med eit noko uklart, mytisk opphav og funksjon, truleg frå eldre jernalder. Denne blei opna opp i 2008 etter fleire års arbeid med avdekking og rekonstruksjon.

I Hafrsfjord stod slaget som vanlegvis reknast som det avgjerande i Harald Hårfagres samling av Noreg. Ved Ytraberg vest for Sørnes står det ein bautastein signert av kong Olav 5. i samband med rikssamlingsjubileet i 1972. Erling Skjalgsson budde på Sola gard, som låg vest for dagens flyplass. Det finst kyrkjeruinar frå mellomalderen (Sola ruinkyrkje), som blei gjenreist i 1995.

I Tananger er det eit fiskarleie med eit interessant miljø av ei rekke freda hus og kystkultursamling. Her blir det arrangert årlege fiskefestivalar. Ved sjøflyhamna i Hafrsfjord ligg Flyhistorisk Museum Sola, og på Stangeland ligg Rogaland Krigshistoriske Museum, begge knytte til Jærmuseet.

Utenfor Tananger ligg Flatholmen fyrstasjon som nå er eit besøksfyr.

Sola har fleire kjende badestrender, hotell og pensjonat langs kysten. Det går samanhengande kyststi langs stranda i søre del av kommunen, mellom Ræge og Hellestø ved grensa til Klepp i sør.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1982) har to bjelkar i sølv, danna ved omvendt dobbelt bogesnitt, mot ein blå bakgrunn. Dette illuderer hav og bølgjetoppar.

Namnet kjem av norrønt Sóli. Namnet er utolka, det kan ha vore eit gamalt fjordnamn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Ormøy, Ragnhild: Sola: bilder 1860–1960, 1997, isbn 82-990375-4-9
  • Refheim, Sigurd: Gard og ætt i Sola, 1974
  • Skjørestad, Per: Sola 1930–2000, 2002–2004, tre bind
  • Soga om Sola og Madla, 1980–83, tre bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg