Faktaboks

Innbyggjartal
3111 (SSB, 2023)
Landareal
2,8 km²
Tettstadsnummer
5045 Svortland

Svortland er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,8 km², og har 3111 innbyggjarar (2023).

Svortland er administrasjonssenter i Bømlo kommune i Sunnhordland. Svortland ligg nordvest på øya Bømlo, mellom botnen av Straumfjorden i sør og Storavatnet innanfor i nord. Tettstaden er eit handels- og servicesenter, og her ligg Bømlo rådhus, Bremnes kyrkje og Bømlo kulturhus; sistnemnde vart opna i 2005.

Tettstaden er i stadig utvikling, og folkeauken i Bømlo kommune er størst rundt kommunesenteret.

Kart

Svortland
Svortland
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg