Faktaboks

Innbyggjartal
1386 (SSB, 2023)
Landareal
1,8 km²
Tettstadsnummer
5043 Mosterhamn
Mosterhamn

Mosterhamn er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,8 km², og har 1386 innbyggjarar (2023).

Mosterhamn ligg ytst på øya Moster, på nordsida av Bømlafjorden, den ytre delen av Hardangerfjorden. Tettstaden har marmorførekomstar og eit nedlagt kalksteinsbrot.

I Mosterhamn ligg Moster gamle kyrkje. Etter tradisjonen skal han vere bygd av Olav Tryggvason i 998. Den noverande steinkyrkja er truleg bygd rundt 1150 på tuftene av den opphavlege kyrkja. Kyrkja er freda og er eigd av Fortidsminneforeininga. Det er årlege Mostraspel der Kristkongane på Moster av Johannes Heggland blir spelt i Moster Amfi, laga til i det gamle kalksteinsbrotet ved kyrkja.

Kart

Mosterhamn
Mosterhamn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg