Bømlo er den største øya i Bømlo kommune i Vestland fylke, og ligg nord for innløpet til Hardangerfjorden. Øya har eit areal på 171 km² og 9452 innbyggjarar, 78 prosent av den samla befolkninga i kommunen (2023). Tettast busetjing er det rundt Innværfjorden ved Rubbestadneset og vestover til kommunesenteret Svortland.
Bømlo er ei langstrekt øy med ei sterkt innskoren kystlinje. Det er store, nakne myrstrekningar i nord, men sør for kanalen gjennom Kuleseid, som skjer gjennom øya omtrent på midten, er landskapet litt meir frodig. Fjellnuten Siggjo (474 meter over havet), eit kjent seglingsmerke, ligg søraust på øya og er det høgaste fjellet i kommunen.
Det blei oppdaga gullførekomstar ved Lykling sørvest på øya i 1862. Her var det driftsforsøk i åra 1882–1898 med opptil 500 mann i arbeid, men utbyttet var sparsamt. Øya har mange bronsealderfunn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.