Faktaboks

Hespriholmen

Hesprøyholmen, Hesprøya

Hespriholmen

Materialet til grønsteinsøksene på Sør-Vestlandet kom gjennom 6000 år frå Hespriholmen. Gropene på biletet er ei av dei eldste intakte gruvene i verda.

Hespriholmen
Av .

Hespriholmen er ei øy i Bømlo kommune i Sunnhordland, Vestland fylke, ein av Nordøyane, vest for Espevær.

Hespriholmen består av grønnstein av ein uvanleg god kvalitet til bruk i steinreiskapar, og er Noregs eldste kjende steinbrot, drive så tidleg som frå 7000–6000 fvt. og rundt 3000 år framover.

Steinen vart frakta til Bømlo og hogge til der, og han har vore handelsvare i strøk langt utanfor området.

Namnet kjem kanskje av dialekt husprei, 'torden'.

Kart

Hespriholmen
Hespriholmen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg