Kristenrett var i tida før reformasjonen den delen av norsk rett som gjaldt kyrkjelege forhold. Dette omfatta kyrkjeorganisasjonen, forholdet mellom kyrkja og det verdslege samfunnet, og brot på kyrkjelege moralbod, så langt desse blei støtta av lovbod.
Før Magnus Lagabøtes landslov utgjorde kristenretten ein del av landskapslovene. Den første kristenretten skal Olav den heilage ha fått vedteke av eit ting på Moster i 1024. Den eldste bevarte kristenretten, frå Gulatingslova, er frå langt seinare tid. Men den bevarte redaksjonen frå siste halvdel av 1100-talet, for det meste overlevert i handskrifter frå 1200-talet, gjengir ein del føresegner som blir tilskrivne Olav den heilage («olavstekst»). Nokre av desse kan gå heilt tilbake til tida til helgenkongen, og truleg er dei i alle fall eldre enn resten av Gulatings kristenrett – med andre ord frå første halvdel av 1100-talet eller tidlegare.
Erkebiskop Jon Raude utarbeidde ein særleg kristenrett i kanonisk ånd, det vil seia med preg av den internasjonale kyrkjeretten til pavekyrkja. Denne blei godteken av kong Magnus Lagabøte ved det såkalla Bergens-konkordatet i 1273 og fire år seinare i Tønsberg-konkordatet, også kalla Sættargjerden, i Tønsberg av 1277. Men alt i Jons tid blei retten sett ut av kraft igjen av kong Eirik Magnusson.
I motsetnad til Gulatingslova og dei andre landskapslovene inneheldt Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 og Bylova frå 1276 berre svært kortfatta og ufullstendige kristenrettsbolkar. I den følgjande tida blei difor i praksis eldre og nyare kristenrett brukt om kvarandre.
Kommentarer
Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logget inn for å kommentere.