Myllarguten og «Myllarspelet» etter han har ein heilt sentral plass i historia til hardingfelemusikken. Han bygde ut slåttane til eit større format, sidan han som konsertspelemann hadde behov for eit anna repertoar enn dei kortare og ofte navnløse slåttane som ein vanlegvis brukte til det tradisjonelle dansespelet. I tillegg gjekk han langt i retning av å erstatte den eldre tonaliteten i slåttane med dur-tonalitet. Han har såleis fått ord på seg for å ha forma om telemarkspelet til dagen form.
Augundsson komponerte fleire slåttar sjølv, i tillegg til at han omarbeidde overlevert materiale i stort mon, enten ved å byggje det ut med nye parti eller ved å setje saman ulike variantar av same slåtten til ein ny variant. Slåttar som gjerne blir knytte til namnet hans, enten som var utbygde, ombygde eller nyskrivne, er «Myllargutens draum», «Myllargutens bruremarsj» og «Siklebekken». Slåtten «Myllargutens minne» stammar derimot frå Hardanger, som der ber namnet «Seksaren».
Augundsson var den første til å nytte dobbeltgrep på hardingfele, og han utvikla ein avansert ornamentikk. Etter kvart gjekk han òg over til å bruke fiolinboge, som er lengre enn tradisjonelle felebogar, noko som gjorde det mogleg med eit kraftigare uttrykk. «Myllarspelet» er elles kjenneteikna, i følgje Eivind Groven, av dur-tonalitet, i motsetning til hos Håvard Gibøen, der naturtonalitet dominerer i større grad. Utviklinga mot temperert dur-tonalitet hos Augundsson kan kome av påverknad frå vestlandsslåttar og frå Ole Bull. Ei anna mogleg kjelde i denne samanhengen er læremeisteren hans, Øystein Langedrag, som ifølgje Groven innleier «Myllarlina». Langedrag spela òg på vanleg fele og dessutan på klarinett, kunne notar og hadde gjennom militærteneste kome i kontakt med svenske musikarar.
Kommentarer (1)
skrev Ole Bjørn Darrud
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.