Åmot (tettstad i Vinje)

Artikkelstart

Åmot er ein tettstad i Vinje kommune i Vestfold og Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 652 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
652 (SSB, 2020)
Landareal
1,1 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
3161 Åmot

Åmot er administrasjonssenter i Vinje kommune, og ligg ved elvemøtet mellom Tokke og Vinjeåi, ved E 134 cirka 25 km nord for Dalen.

Åmot er eit industriområde med mellom anna trevareindustri og verkstadindustri. Åmot er eit trafikknutepunkt, med møte mellom vegane E 134 Haugesund–Drammen, Fv. 37 Åmot–Tinn–Kongsberg og Fv. 38 Åmot–Dalen– Kragerø. Bussruta Haukeliekspressen Haugesund–Oslo går gjennom Åmot.

Kart

Åmot
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg