Tokke

Faktaboks

Landareal
905 km²
Innbyggertall
2 201 (1.1.2020)
Administrasjonssenter
Dalen
Fylke
Vestfold og Telemark (tidlegare Telemark)
Innbyggernavn
daling, eidsborging, skafsåing, lårdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3824 (fra 01.01.2020, tidligere 0833)
Høyeste fjell
Kvannfjølli (1538 moh.)

Kommunevåpen

Tokke. Administrasjonssenteret Dalen ligg ved vestenden av Bandak.

Av /KF-arkiv ※.
Eidsborg stavkyrkje, i grenda Eidsborg nord for Dalen.
Eidsborg stavkyrkje
Vest-Telemark museum

Artikkelstart

Tokke er ein kommune i den vestlege delen av Vestfold og Telemark fylke, med grenser i vest mot Agder. Kommunen grensar mot kommunane Vinje i nord, Seljord og Kviteseid i aust og Fyresdal i sør. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av tidlegare Lårdal og Mo kommunar.

Natur

Berggrunnen er av grunnfjellsalder og består hovudsakleg av harde kvartsittar i nord og av granittar i sør (sjå Telemarksuiten). Tokke omfattar ei rekkje forgreina dalar som ligg djupt nedskore i fjellmassane. Vassdraga frå nordvest samlar seg i elva Tokke, og renn ut i vestenden av Bandak. Frå Bandak (72 meter over havet) stig fjella bratt til 800–900 meters høgd på begge sider. I vest, mot grensa til Agder, når enkelte fjelltoppar opp i over 1500 meter over havet (Kvannefjellet 1537 meter over havet og Urdenosi 1521 meter over havet).

Befolkning og busetnad

Busetnaden er tradisjonelt basert på skog- og jordbruk. I 1890 budde vel 3 500 menneske innanfor dagens grenser. Sidan har folketalet minka, med unntak av perioden for utbygginga av Tokke-kraftverka som nådde høgdepunktet sitt omkring 1960. I perioden 2010 til 2019 avtok folkemengda med 4,7 prosent.

Hovudtyngda av busetnaden er i og omkring kommunens einaste tettstad, administrasjonssenteret Dalen. Mest busetting for øvrig har Lårdal, Eidsborg, Skafså og Åmdals verk.

Næringsliv

Tokke kommune har tradisjon for industri og eksport av brynestein heilt frå vikingtida. Kopargruvene på Åmdals Verk var i drift frå 1500-talet og fram til andre verdskrigen. Jordbruk og skogbruk har lange tradisjonar i kommunen og er framleis viktige næringar. Tokke er den nest største kraftkommunen i Telemark, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 2886 GWh per 2016. Det er fem kraftverk i kommunen, høgaste fallhøgd er 88 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Tokke kraftverk (i drift frå 1961), Lio kraftverk (1969), Byrte kraftverk (1969) og Åmdal kraftverk (1953). Kraftutbygginga har gitt gode inntekter, slik at kommunen har kunna bygge ut eit godt tenestetilbod. I dag er kommunen ein moderne industri- og jordbrukskommune med veksande reiseliv.

Samferdsel

E 134 går gjennom den nordaustlege delen av kommunen. Frå Høydalsmo (Ofte) tek fylkesveg 45 av til Dalen og vidare sørvestover til Setesdal; denne inngår i det kortaste vegsambandet Oslo–Stavanger over Suleskar, men er berre sommaropen. Frå Åmot i Vinje går fylkesveg 38 til Dalen og vidare søraustover til Vrådal. Dalen er endepunkt for båtruta på Telemarkskanalen, og har monaleg turisme.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Dalen har vidaregåande skule med fleire liner.

Tokke hører til Sør-Øst politidistrikt, Vest-Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet sammen med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Vinje.

Tokke kommune svarar til dei to sokna Eidsborg Mo/Skafså og Høydalsmo/Lårdal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-tallet hørte Tokke til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Grunnkretsar i Tokke

For statistiske formål er Tokke kommune (per 2016) inndelt i 17 grunnkretsar: Byrte, Mo, Midjås, Vistad, Dalen, Eidsborg/Gøytil/Omdal, Ofte/Hovden, Kvål/Fjellet, Smørklepp/Tveiten, Håtveit, Eik, Eikland, Nordbygdi, Kyrkjebø, Åmdalsverk, Skafsåheia og Frolands- og Byrteheiane.

Historie og kultur

Fjellbygda Eidsborg har stavkyrkje frå 1200-talet, sjå Eidsborg stavkyrkje. Brynesteinsbrota (skifrig kvartsitt) ved Eidsborg har vore drivne i fleire hundre år. Steinen vart køyrt på isen til Skien og skipa ut derifrå. Like ved kyrkja ligg Vest-Telemark Museum Eidsborg. Dalen Hotel, som vart bygd i 1894 og restaurert i 1992, er ein av Noregs største trebygningar. Sør for Dalen var det kopardrift i Åmdals Verk i Skafså frå 1690 til 1945. I dag er det eit gruvemuseum der. Lårdal bygdemuseum (friluftsmuseum) på Eidsborg er rik på folkekunst frå Vest-Telemark. Bilethoggaren Anne Grimdalen er frå Grimdalen i Skafså. Her ligg Grimdalstunet med ei stor samling skulpturar. Høydalsmo kyrkje er frå 1750-talet.

Bygdene i Tokke synte seg som særleg rike område for mellomalderballadar da innsamlinga tok til på 1800-talet, med kvedarar som Bendik Felland, Anne Lillegård, Hæge Årmote og Jorunn Bjønnemyr.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent 1987) har ein gåande svart bjørn mot ein gull bakgrunn; symboliserer mot og styrke.

Namnet inneheld truleg norrønt þot, ‘brusing’, og same namn ligg også til grunn for innsjøen Totak.

Kart

Tokke
Av .

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

  • Bakken, Olav: Lårdalsoga, 1978.
  • Grimdalen, Olav: Mo bygdebok: kultursoga, 1996, isbn 82-991942-0-2.
  • Marvik, Steinar: Mo bygdebok: gard og ætt, 1989, 2 b., isbn 82-991942-0-2.
  • Sanden, Gunnar: Vest-Telemark boki, 2004, isbn 82-996108-3-4.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg