Fyresdal

Faktaboks

Landareal
1 107 km²
Innbyggertall
1 287 (1.1.2020)
Administrasjonssenter
Fyresdal
Fylke
Vestfold og Telemark (frå 01.01.2020, tidlegare Telemark)
Innbyggernavn
fyresdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3823 (frå 01.01.2020, tidlegare 0831)
Høyeste fjell
Napuren (1284 moh.)

Kommunevåpen

Fyresdal. Fyresvatnet ved Breidvik. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Fyresvatn mot nord, sett frå Våmur.
/Lokalhistoriewiki.
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Fyresdal er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke. Fyresdal grensar i sør og vest mot Agder, i aust mot Nissedal kommune og i nord mot kommunane Kviteseid og Tokke.

Natur

Berggrunnen høyrer til telemarkformasjonen av grunnfjellet med kupert fjellterreng; Napuren (1284 meter over havet) heilt i nordaust er høgaste topp. Fyresvatnet, 277 til 281 meter over havet, 26 kilometer langt, ligg sentralt i kommunen og pregar landskapet. Fyresdalsvassdraget er del av Arendalsvassdraget (Nidelva). Øvste delen har utspring vest for Skipsfjell (954 meter over havet) på grensa til Tokke, og går gjennom Fyresvatnet. Elva herifrå, Fyresdalsåna, renn gjennom innsjøen Drang til Nidelva i sør. Sørvest i kommunen har Nesvatn, 510 til 493 meter over havet, avløp gjennom Gjøvdal i Agder til Nidelva. Nord i Fyresdal har Skredvatn, 340 til 336 meter over havet, avløp gjennom Vrådal og Nissedal til Nidelva. Kommunen har store heiområde, særleg i vest. To tredelar av arealet i Fyresdal ligg mellom 600 og 900 meter over havet.

Befolkning og busetnad

Folketalet i kommunen har stort sett vist tilbakegang sidan 1860-åra. Tilbakegangen var særleg stor i eit par tiår etter andre verdskrigen. Kommunen hadde ein forsiktig vekst på 2000-talet, men er sidan igjen gått tilbake. I tiårsperioden 2009–2019 var tilbakegangen på 6,9 prosent, som er den kraftigaste prosentvise tilbakegangen blant alle kommunane i fylket.

Busetnaden er tettast i administrasjonssenteret Fyresdal (391 innbyggarar i 2020) ved nordenden av Fyresvatnet og nordover dalføret til Hauggrend. 70 prosent av innbyggarane i kommunen bur spreidd.

Næringsliv

Jordbruk og skogbruk er viktige næringar. Kommunen har eit jordbruksareal på om lag 6 700 dekar. Arealet er fordelt på om lag 290 gardsbruk. Den viktigaste driftsforma i landbruket er sauehald. Om lag 280 000 dekar er produktiv skog. Skogen i Fyresdal har ei overvekt av furu, cirka 49 prosent, medan gran utgjer cirka 47 prosent og lauv cirka fire prosent. Skogen produserer rundt 60 000 kubikkmeter tømmer årleg, medan det i gjennomsnitt blir hogge mellom 35 000 og 40 000 kubikkmeter i året. Fjellterrenget med høve til fiske og jakt har gitt grunnlag for ei veksande turistnæring.

Fyresdal er ein relativt liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 362 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er elleve kraftverk i kommunen, høgaste fallhøgd er 55 meter. Kraftverket med høgast snittproduksjon er Finndøla kraftverk, som kom i drift i 1972.

Samferdsel

Riksveg 355 går nord–sør gjennom kommunen langs Fyresvassdraget. Det er flyplass ved Verpe rett nord for Fyresdal sentrum.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Fyresdal høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.

Fyresdal kommune svarar til soknet Fyresdal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Fyresdal til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Grunnkrinsar i Fyresdal

For statistiske formål er Fyresdal kommune delt i ti grunnkrinsar: Vik-Fardal, Breivik-Birtedalen, Valebjørg-Kilegrend, Momrak, Sørbygda, Sentrum, Hegglandsgrend, Åsland-Kleivgrend, Veum-Fjellgardane og Hauggrend.

Historikk og kultur

I parkområdet Øyskogen ligg eit omfattande gravfelt med freda furutre. Fyresdal Bygdemuseum har ei rekkje gamle bygningar og utstillingsbygg i same område. På Molandsmoen står ein runestein frå 1100-talet. Moland kyrkje, som er ei korskyrkje i tre, vart bygd i 1843. Altertavla frå 1738 kom frå tidlegare Hegland kyrkje. Veum kyrkje er frå 1863. Fyresdal er Vidkun Quislings fødekommune, der faren hans var sokneprest. Familien flytta frå Fyresdal då Vidkun Quisling var seks år gammal.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1992) har to skråstilte sølv økser mot ein grøn bakgrunn og symboliserer skogsdrift og jordbruk.

Kart

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Marvik, Stein: Fyresdal: gards- og ættesoge, 1992, 3 b., isbn 82-992628-0-1, Finn boka
  • Qvisling, J.L.: Fyresdals historie, 2. utg., 1912, 2 b. i 1, Finn boka
  • Sanden, Gunnar: Vest-Telemark Boki, 2004, isbn 82-996108-3-4, Finn boka
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal, 1910, Finn boka
  • Veum, Bendik: Fyresdal, b. 1: Ættebok, 1950, Finn boka

Kommentarer (1)

skrev Olav Momrak-Haugan

Det gamle namnet på Fyresvatn er Fyrir. (Fyrir-sæ)Leiv Heggstad: Gamalnorsk ordbok: s. 189: fyri, fýri (subst.) 1. fyre, furuskog, furuved s. 189: fyrir (prep) 1. fyre – framanfor,nedanfor,i vegen for,i fyrevegen.Preposisjonen fyrir er stadig forveksla med substantivet fyri og teke til inntekt for at namnet kjem av furu, men etter gamal tradisjon kjem namnet av at dette vatnet låg framom ein, i vegen for ein, då innvandrarar kom opp mot dalføret for å slå seg til her i dalen. Dei kom då til Fyrirsæ og Fyrirsdalir.Eg er glad i furu, men det ergrar meg at dalen vår gong på gong lettvint vert kalla furudalen! Lars Veum seier at dette er ein av mine gamle kjepphestar, men den er enno ikkje utsliten!

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg