Vinjesenteret er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for språk, dikting og journalistikk. Vinjesenteret ligg på fødestaden til Aasmund Olavsson Vinje i Vinje i Telemark. Senteret er ein del av Nynorsk kultursentrum.

Bakgrunn

I 2011 tok Vinje kommune kontakt med Nynorsk kultursentrum for å utvikle eit litterært senter i Vinje, og ein intensjonsavtale vart inngått i 2014. 29. februar 2016 la Nynorsk kultursentrum fram ein prosjektplan for Vinjesenteret som eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for språk, dikting og journalistikk. I 2018 løyvde Stortinget, Telemark fylke og Vinje kommune midlane som skulle til for å reise Vinjesenteret. Senteret opna offisielt for gjester hausten 2021.

Verksemd

Vinjesenteret er ein del av Nynorsk kultursentrum, saman med Aasentunet i Ørsta og Haugesenteret i Ulvik. Vinjesenteret inneheld ei basisutstilling om dikting og journalistikk og Erik Gjestvangs boksamling.

Vinjesenteret var ein av dei viktigaste aktørane i 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018. Senteret har òg overteke ansvaret for Litteraturdagane, som har vore arrangerte sidan 2001.

Vinjesenteret ligg i nærleiken av Vinjestoga, som er barndomsheimen til diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje. Stova er ei typisk husmannsstove frå 1800-talet som står på Plassen, der ho opphavleg stod. Vinjestoga er eigd av Vinje kommune. I 2005 tok Vest-Telemark Museum over driftsansvaret. Frå 2018 er det Vinjesenteret som står for formidlinga av Vinjestoga.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg