Ingebjørg Bratland, norsk kvedar og visesongar frå Edland i Vinje. Folkesongen fekk ho med seg frå heimemiljøet frå ho var fem år. Ellen Nordstoga var den viktigaste læremeisteren i oppveksten. Slektningen Sondre Bratland med sin unike songtradisjon og visesongaren Odd Nordstoga har òg vore viktige inspiratorar.

Med fem landskappleiksigrar i yngste klasse vokal folkemusikk på Landskappleiken er Harman Bratland det næraste du kjem eit vedunderbarn i norsk folkemusikk.

Ho song i 2006 tittelsporet på Odd Nordstoga sin barneserie for NRK P1 Jul i svingen. Og i 2007 gjorde ho seg bemerka då ho song for H. M. Kong Harald i samband med 70-årsdagen hans. Harman Bratland vann A-klassa i vokal folkemusikk på Landskappleiken fyrste gong ho deltok i seniorklassa, det vil seie i 2009. Same år blei ho nordisk meister i folkemusikk under arrangementet NORD i Sälen.

Harman Bratland er ikkje berre oppteken av folkemusikk, ho har òg interessert seg for andre songarar, til dømes Joni Mitchell, og ho har samarbeidd med ei rad artistar frå ulike sjangrar. I  2008 blei Harman Bratland  plukka ut av HKH Kronprinsesse Mette-Marit til samleplata Sorgen og gleden med 11 norske utøvarar. Under Landskappleiken 2010 vann ho Fureprisen, ein pris på 50 000 kr. til unge utøvarar.

I 2013 debuterte Harman Bratland med CD-en Heimafrå i lag med Odd Nordstoga. Plata selde til gullplate (20 000) og vann Spellemannprisen i klassa for folkemusikk/tradisjonsmusikk. Duoen heldt over 100 konsertar i løpet av året landet rundt, stort sett for fulle hus.

Første soloplata kom i 2014, Berre meg, ei plate meir i pop/visesjangeren, produsert av Bjørn Nessjø. Låten Ingen e som du blei A-lista på NRK P1, og plata blei nominert til Spellemannprisen i viseklassa.

Hausten 2015 kom oppfølgjaren Månesinn, framleis i pop/vise-sjangeren, men denne gong i hovudsak med eige materiale. Unntaket er ein norsk versjon av Bob Dylans sin berømte kjærleikssong Make you feel my love, som fekk tittelen Fordi eg elskar deg i norsk språkdrakt, omsett av Bjarte Hjelmeland. Dette blei ein stor radiohit hausten 2015. Og albumet toppa mange hitlister i ein periode, høgste plassering på VG-lista var nr. 2. Lanseringsturneen blei ein stor suksess med utselde konsertar over alt.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.