Nordstoga har heile tida uttrykt seg i eit mangfald av musikalske sjangrar, ofte relatert til folkemusikk. Musikalsk finn ein eit spenn mellom ein urban og ein rural identitet. Nordstoga nyttar verkemiddel både frå amerikansk country og folkrock, frå visetradisjon og frå norsk folkemusikk. Tittelen Kåbbåy (2000) viser den amerikanske påverknaden, men omsett til lokale tilhøve.
Arrangementa i Luring er eit lyft i høve til tidlegare produksjonar, med meir varierte, spekka av detaljar på ulike instrument. Nordstoga har foredla blandinga av verkemiddel og trekt dei hakket lenger i begge retningar. Ei gruppe hardingfelespelarar gir klare assosiasjonar til norsk kulturarv, medan dei klassisk orienterte strykarane som medverkar i Borga i ur peikar mot ei meir glamorøs, symfonisk tilnærming.
Det lystige albumet Heim te mor (2006) har mykje til felles med Luring.Familie, nære relasjonar og Det som varer er sentrale tema. Den neste utgivinga, Pilegrim (2008), vart ein kontrast i så måte. Her er det Ragnar Hovland og Stein Versto som står bak tekstane, og vandringsmannen er temaet. Heimlengsla som var eit sentralt tema tidlegare, er her erstatta med ei nyfikne mot fjernare strok. Ein austleg undertone er tydeleg gjennom jazz-trompetisten Arve Henriksen sin japansk-inspirerte falsettsong og kjølege klang, og plata har eit meir dominerande innslag av melankoli og ettertanke enn Nordstoga har vist tidlegare. Ei av låtane, Min eigen song, gjekk til topps på Norsktoppen.
Musikken på albumet Bestevenn (2011) er dels skriven til og dels inspirert av TV-serien Vaffelhjarte, etter boka med same namn av Maria Parr. Serien gjekk på NRK1 hausten 2011, og tok opp tema som nærleik og kjærleik til heimstaden, familie og vener. Nordstoga spelte sjølv ei lita rolle i TV-serien.
Hausten 2016 gav han ut Aleine heime, som består av gamle songar innspelt akustisk heime hos han i Oslo. I 2017 kom Nordstoga med to 3-spors singlar: Mykje lyd og Mykje varme. Eit nytt album kom i 2020: Fatig ferdamann.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.