Møsstrond

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Møsstrond er eit sokn i Vinje kommune, Vestfold og Telemark fylke, omkring Møsvatn. Soknets areal er 1055 kvadratkilometer, og omfattar delar av Hardangervidda.

På Hovdeøyi i Møsvatn ligg Møsstrond kyrkje, som blir sagt å vera den soknekyrkja som ligg høgast i landet; om lag 950 meter over havet. Hovdeøyi har ikkje vegsamband, og kyrkja blir derfor ofte omtala som Telemarks mest bortgøymte kyrkje. Den første kyrkja på Møsstrond stod klar i 1850, men blei råka av lynet sommaren 1919 og brann ned til grunnen. Den nye kyrkja som blei innvigd i 1923, er ei lafta langkyrkje.

Kart

Møsstrond
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg