Ottar Kåsa, norsk hardingfelespelemann og felemakar frå Arabygdi i Vinje, utdanna felemakar frå Ole Bull Akademiet med felemakar Sigvald Rørlien som læremeistar. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet i Rauland. Hardingfelespel lærte han fyrst av Terje Hansen i Vinje kulturskule, seinare blei Aslak og Tarjei Romtveit viktige inspiratorar og lærarar, det same med Per Anders Buen Garnås. Viktige lærarar har òg vore Vidar Lande og Per Åsmund Omholt. Kåsa hevda seg bra på kappleik alt i ung alder og i 2011 vann han hardingfele klasse A på Landskappleiken i Seljord. Han fekk òg kongepokalen for prestasjonen. Året etter, i 2012, toppa han klasse A hardingfele på ny under Landskappleiken på Otta.

Hausten 2010 hadde Kåsa ei sentral rolle saman med fiolinisten Ragnhild Hemsing og skodespelar Nils Sletta i konserten "Bull & Myllaren anno 2010" på Den Norske Opera i Oslo. I 2012 gav han ut sin fyrste CD Ottar Kåsa, ei utgjeving som fekk Spellemannprisen i klassa for folkemusikk.

Som felemakar har Kåsa knytt kontaktar både i Noreg og utanlands, han har vore utstillar på internasjonale handverksmesser, blant anna i Tyskland. Han har òg vore felemakar ombord på "handverkscruise" på Hurtigruta fleire gonger. Under Landskappleiken i 2012 blei Kåsa kåra til vinnar også på felemakarutstillinga. Kåsa etablerte seg som hardingfelemakar i Bø i Telemark i 2008 og hausten 2013 flytta han inn i eigen felemakarverkstad i Bø.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.