Aslaug Vaa

Faktaboks

Aslaug Vaa
Født
25. august 1889, Rauland (no Vinje), Vestfold og Telemark
Død
28. november 1965, Oslo

Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Aslaug Vaa
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Aslaug Vaa var ein norsk lyrikar, dramatikar og essayist. Vaa var ein pioner innanfor den tidlege lyrikken på nynorsk.

Aslaug Vaa var fødd i Rauland i Telemark. Foreldra flytte til Kviteseid då ho var tre år gammal, og ho voks opp der. Vaa var søstera til av Dyre Vaa. Ho tok latinartium på Aars og Voss skole i Kristiania i 1909 og tok deretter til å studere ved Universitetet i Oslo. Ho var journalist i nynorskavisa Den 17de Mai, der ho i mange år var ansvarleg for utanriksstoffet.

Aslaug Vaa var gift med filologen og psykoanalytikaren Ola Raknes mellom 1912 og 1938, då ekteskapet blei oppløyst. Ho budde saman med mannen i Paris i to periodar og studerte litteratur og kunsthistorie, folkeminne og filosofi ved Sorbonne. I tillegg kom opphald og studium i London og Berlin, der ho studerte teater og teaterhistorie.

Då Aslaug Vaa debuterte i 1934 med diktsamlinga Nord i leite, var ho 45 år gammal. Fram til 1963 gav ho ut seks diktsamlingar. I tillegg skreiv ho fire skodespel og ei rad artiklar og essay i aviser og tidsskrift.

Telemarksmusikarane Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga har sett musikk til diktsyklusen «Nivelkinn» frå Aslaug Vaa si debutsamling. For plata Nivelkinn, som blei til som eit bestillingsverk til Telemarkfestivalen 2001, fekk dei i 2002 Spellemannprisen.

Ønskediktpoeten

Aslaug Vaa mottek Ønskediktprisen frå NRK i 1963. Mennene på fotoet er truleg Hartvig Kiran (til venstre) og Arve Moen.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Aslaug Vaa skreiv dikt i både tradisjonell og modernistisk form, og fleire av dikta er blitt folkeeige. Det folkeviseliknande og strofiske diktet «Så rodde dei fjordan» (1936) var lenge fast innslag i Ønskediktet i NRK, ved sida av kjærleiksdiktet «Å eiga» (1935), der ho nyttar friare rytmar. I kjende antologidikt som «Etterklangen» og «Moreld» (1947) nyttar ho tradisjonelle metriske former. Tidleg modernist og ekspresjonist i form og tematikk er ho i det mindre kjende diktet «Skuggan» (1947).

Tankediktar

Dikta har ofte ei reflekterande form, samstundes som dei undersøkjer tanken som prosess og erkjenning. Ein sivilisasjonskritikk er innebygd i mange av tekstane, som reflekterer over korleis vi tenkjer etisk og menneskeleg, til beste for samfunnet, kulturen og sivilisasjonen. Poeten tek avstand frå den erkjenningsforma som favoriserer logisk og empirisk erkjenning åleine («Tankekniven», 1936), og agiterer for ein rasjonalitet som byggjer på det sanselege og intuitive så vel som det faktiske.

Ein økologisk bodskap går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen. Kropp og sjel og menneske og natur må vere i balanse. Det same gjeld globalt. I dikt, drama og artiklar manar Aslaug Vaa til respekt og toleranse mellom folkeslag og kulturar.

Aslaug Vaa reflekterte mykje over poesiens vesen, og i si eiga «poetiske tenking» søkjer ho til det primitive og opphavlege på den eine sida og det visjonære og mystiske på den andre.

Nyskapande dramatikar

Aslaug Vaa som student i 1907.
Av /Norsk Folkemuseum.

Forfattarskapen er prega av kjennskap til folkedikting og folkelege kulturtradisjonar frå oppveksten i Telemark, kombinert med europeiske og moderne impulsar frå mange reiser. Dette kjem særleg til syne i dramatikken. Det poetiske dramaet Munkeklokka (1950/1966) byggjer på folkloristisk stoff frå norsk høgmellomalder, men er moderne i forma. Konflikten er bygd opp kring identitetsspørsmål, relasjonar mellom menneske, erotikk og kjærleiksliv og religiøse tema. Stykket har ei form som bryt med den sterke norske realismen i tradisjonen etter Henrik Ibsen.

Aslaug Vaa lærte av det ekspresjonistiske teatret til Max Reinhardt og det episke teatret til Bertolt Brecht i Tyskland. Ho skreiv poetiske drama og bryt realismen med innslag av song og lyrikk. Dialogane har kvalitetar som vi oftast finn i lyriske tekstar.

Skodespela Steinguden (1931/1939), Tjugendagen (1947/1950) og Honningfuglen og leoparden (1965/1966) er innbyrdes ulike, men alle er eksperimentelle i forma.

Utgivingar

Lyrikk

  • Nord i leite (1934)
  • Skuggen og strendan (1935)
  • Villarkonn (1936)
  • På vegakanten (1939)
  • Fotefár (1947)
  • Skjenkarsveinens visur (1954)
  • Bustader (1963)
  • Dikt i utval (1964)
  • Og ordet var... Etterlatne dikt (1999)

Skodespel

  • Steinguden (1938)
  • Tjugendagen (1947)
  • Munkeklokka (1950)
  • Honningfuglen og leoparden (1965)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Sigrid Bø Grønstøl: «Dikt og tanke. Aslaug Vaa», i Sigrid Bø Grønstøl og Unni Langås: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk. Oslo2001
  • Jorunn Hareide: «Aslaug Vaa – ein lyrisk dramatikar?» i Hareide, Jorunn & Drude von der Fehr, red.: Tendensar i moderne norsk dramatikk. Oslo 2004, s. 95-110,
  • Leif Mæhle: «Fann eg dei stigar …». Vandringar i Aslaug Vaas dikting. Oslo 2001
  • Vedlegg til Dag og tid nr 22, 28. mai 1998 (tema: Aslaug Vaa)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg