Arve Moen Bergset

Faktaboks

Arve Moen Bergset
Født
13. mars 1972, Sandnessjøen, Nordland
Arve Moen Bergset på Landskappleiken på Otta 1985
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Arve Moen Bergset er fiolinist, hardingfelespelemann, kvedar og songar. Han blei i ung alder kjend for den klokkeklare songstemma si, som trollbatt fjernsynspublikum og platekjøparar. Få, om nokon, andre tradisjonsmusikarar enn Bergset har opplevd å oppnå barnestjernestatus på riksnivå.

Bakgrunn

Arve Moen Bergset er fødd i Sandnessjøen i Nordland. Då han var fem år gamal, flytte han med familien til i Vinje i Telemark (no Vestfold og Telemark). Bergset er utdanna ved Noregs musikkhøgskole med hovudfag i fiolinspel. Han har vore medlem av Det Norske Kammerorkester og Oslo Filharmoniske Orkester.

Musikkarrieren

Bergset kom tidleg inn i den lokale song- og musikktradisjonen i Vest-Telemark. Frå han var åtte år gamal lærte han tradisjonssong, med vekt på religiøse folketonar. Bergset tok til å spele fiolin i 9–10-årsalderen.

Frå 1985 har Bergset vore med på ei rekkje plateutgivingar, både saman med andre og som soloartist. Frå 1989 har han vore med i folkemusikkgruppa Bukkene Bruse.

Barneåra fram mot stemmeskiftet

Bergset fekk viktige år i oppveksten i prestegarden i Vinje i Telemark. Lærarane og folkemusikarane Ellen Nordstoga og Aslak Høgetveit prega Bergset alt i tidleg skulealder. Som åtteåring tok Bergset sjølv kontakt med Sondre Bratland for å lære kveding og religiøse folketonar. Noko seinare tok han til med fiolinspel.

Bergset hadde eit par musikkutgivingar bak seg då han i 1987 hadde si første verkeleg store offentlege framføring med musikalsk programinnslag under den fjernsynsoverførte Spellemannprisutdelinga. Han vekte åtgaum i vide krinsar for denne framføringa, og han fekk snart tilnamnet «Sølvstrupen frå Vinje». Same året kom plata Arvesølv ut. Plata selde godt, og 16-åringen Bergset fekk Spellemannprisen for denne utgivinga året etter.

Den klare guterøysta til tenåringen Bergset blei snart kjend i vide krinsar, og sjeldan har noko stemmeskifte fått så mykje merksemd her til lands som stemmeskiftet til Bergset. Det var nyhendesak i NRK Dagsnytt, og det var offentleg diskusjonstema om røysta ville klare eit omskifte til eit djupare leie utan å endre kvalitet.

Etter ungdomsskulen reiste Bergset frå Vinje til Oslo for å gå på Musikkhøgskulen, var med i Unge Strykere og tok studieførebuande delartium.

Klassisk musikk og folkemusikk

Bergset har på fleire måtar hatt parallelle musikalske karrierar. Etter at han tok til med klassisk musikkutdanning og profesjonell utøving som fiolinist, har han halde fram med å dyrke og utvikle det folkemusikalske uttrykket på høgt nasjonalt nivå.

Det største bidraget til folkemusikken dei seinare åra har Bergset gitt gjennom folkemusikkgruppa Bukkene Bruse. Bergset har vore med sidan gruppa starta i 1989, etter eit tilfeldig samarbeid under ein opningskonsert for Bedriftsøkonomisk Institutt (BI) i Oslo. Samarbeidet blei snart formalisert med konsertturnering og seinare med plateutgivingar. Bergset syng, spelar fele og hardingfele. I gruppa finn ein elles hardingfelespelaren Annbjørg Lien og fløytisten Steinar Ofsdal. Bukkene Bruse blei utnemnde til offisielle OL-musikarar under vinterolympiaden på Lillehammer i 1994. Sidan 1998 har Ole Bjørn Rasch på tangentar vore fast medlem av gruppa. Gruppa har gitt ut fem plater med tradisjonsmusikk og arrangert folkemusikk. Bergset kom elles i 1997 ut med soloplata Religiøse folketonar.

På det klassiske musikkfeltet har Bergset vore aktiv som medlem av dei fremste orkestra i landet. Han har turnert i inn- og utland og har vore solistfiolinist på fleire plateutgivingar. Han har mellom anna vore med på utgivingar med musikk av Johan Halvorsen, Johan Kvandal, Geirr Tveitt og Stephen Frost.

Utmerkingar

Som kvedar og musikar har han fått fleire prisar og stipend og har vore med i fleire fjernsyns- og radioproduksjonar. Han fekk Spellemannprisen i 1987 for soloplata Arvesølv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg