Totak er ein innsjø i Vinje kommune, i Skiensvassdraget, Vestfold og Telemark fylke. Innsjøen, som ligg 687–680 meter over havet, har eit areal på 35,7 kvadratkilometer. Innsjøens viktigaste tilløp heiter Songa, og avløpet er ved Tokke. Totak blei regulert ved Tokkeutbygginga, og er magasin for Vinje kraftverk ved Vinjevatnet.
Den nordvestre delen av sjøen er smal og svært djup med bratte lier på begge sider. Største målte djup (sør for grenda Vå) er 306 meter. Ved Raulandsgrend vider sjøen seg ut til ei største breidde på 4 km. Den opnare, søraustre delen er mindre djup (ned mot 100 meter). På nord- og austsida av sjøen ligg her hovudbygda i Rauland. Med unntak av Arabygdi i nordvestenden er breiddene elles svært sparsamt busett.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.