Haukelifjell

Fra 1. utgave av Aschehougs leksikon (1906–13).

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Haukelifjell er høgfjellet på søndre Hardangervidda mellom Vinje og Røldal. Sandfloegga, som er 1721 meter over havet, er Hardangerviddas høgaste fjell etter Hardangerjøkulen.

Faktaboks

Etymologi

Truleg av fuglenavnet hauk.

Haukelifjell er ein gammel fjellovergang mellom Austlandet og Vestlandet (Dyrskar). E 134 over Haukelifjell (Haukelivegen) har vore heilårsveg sidan 1968. På Haukelifjell er det hotell, pensjonat og turisthytter. Det er fleire oppmerka fotruter. Frå Haukeli går Riksveg 9 sørover til Setesdal. Frå Edland går Fylkesveg 362/37 austover langs Totak til Rauland.

Kart

Haukelifjell
Haukelifjell
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg