Etter Moskva-turen i 1933 melde Dalgard seg inn i Arbeidarpartiet. To år seinare, i 1935, var han tilbake i Moskva med teaterstipend frå Oslo by. Denne gongen studerte han også film.
I åra som kom, markerte han seg som leiande sosialistisk filmskapar. Han hadde alt laga stumfilm, og i 1935 kom den første talefilmen, Samhold må til, med emne frå rallarlivet og med talekor som i dei agitatoriske teaterstykka. Dei to neste åra følgde Vi bygger landet og By og land, hand i hand, begge retta mot arbeidsløysa.
I 1938–1939 kom Det drønner gjennom dalen, der temaet er ein arbeidskonflikt, familiedramaet Lenkene brytes og Gryr i Norden, ein film om fyrstikkarbeidarstreiken i 1889. Etter andre verdskrigen laga han nye filmar, Om kjærlighet synger de og Vi vil leve, den første spelefilmen med stoff frå krigstida og den einaste i norsk filmhistorie med scener frå fangelivet på Grini.
I 1950 fekk Dalgard stipend for å studere film i utlandet. Året etter gav han ut det første norske filmteoretiske arbeidet, Filmskuespillet. Han medverka til skipinga av Norsk filminstitutt i 1956 og var medlem av Statens filmråd.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.