I 1906 gav Braaten ut skodespelet Du heimen min – spelstykke i to vendingar. Så kom to mindre arbeid, før novellesamlinga Kring fabrikken (1910). Her skreiv han om det som blei det viktigaste temaet hans, fabrikkarbeidarane.
Braaten slo igjennom med det sosiale dramaet Ungen (1911). Temaet i stykket var lagnaden til ugifte mødrer og barnlause kvinner, morskjensle og arbeidarjenter som kjempa for å få ha barna sine. Han skildra menneska og miljøet slik at det verka ekte og nært. Etter dette fekk Braaten reisestipend til Danmark, Tyskland og Italia. Ungen blei sett opp på Nationaltheatret i 1913 og blei filmatisert i 1938 av Rasmus Breistein. I 1960 blei stykket spela som fjernsynsteater, og i 1960 kom det ein filmmusikal-versjon, regissert av Barthold Halle. Dramaet kjem framleis i nye oppsetningar, seinast i 2008.
Den første romanen, Kammerset. Av billedhugger Leo Dürings papirer (1917) handlar òg om arbeidarklassemiljøet, men hovudpersonen har kome seg bort frå fattigdomen. Braaten skreiv mange romanar, og berre i perioden 1917 til 1925 gav han ut sju romanar, mellom anna Ulvehiet (1919) og Mathilde (1920). Desse to bøkene blei reviderte og gitt ut i eitt band med tittelen Ulvehiet (1933), og det blir rekna som det viktigaste romanverket hans. Den siste romanen, Fugleburet, kom i 1937. Her tok Braaten opp sektvesenet. Samlinga Verker kom i seks bind i 1941–1942 og i ny utgåve i 1952.
Braaten blei òg rekna som ein ypparleg novellist, og han gav ut fleire novellesamlingar også etter debuttnovella Dømd!. Oslo-fortellinger (1935) inneheld novella «En hjemkomst», som har vore med i fleire lærebøker i norskfaget.
Kommentarer (2)
skrev Ivona Berceanu
svarte Kjell-Olav Hovde
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.