Noregs Boklag

Olav H. Hauge. Dropar i austavind. Noregs Boklag. 1966.

Dropar i austavind
Mats Linder.

Noregs Boklag var eit norsk forlag 1922–1984, og var lenge det leiande forlaget for nynorsk litteratur, med forfattarar som Olav H. Hauge, Tor Jonsson og Jan-Magnus Bruheim.

Faktaboks

etymologi:

L/L står for lutlag = aksjeselskap på nynorsk.

også kjent som:

Noregs Boklag L/L

Noregs Boklag vart oppretta i 1922 av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag for å gje ut bøker på nynorsk og spreie nynorsk litteratur. I 1927 trekte Noregs Mållag seg ut, og drifta vart meir sjølvstendig. Det same året opna Noregs Boklag bokhandel i Oslo. Frå 1932 var Bondeungdomslaget i Oslo medeigar.

Noregs Boklag gav ut 732 bøker og skrifter inntil drifta vart avvikla i 1984 og Det Norske Samlaget overtok forlagsrettane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aud Skipenes: Noregs Boklag. Ei forlagssoge. Skriftserien frå Ivar Aasen-instituttet nr. 19. Volda 2005
  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg