Faktaboks

Håkon 6. Magnusson

Håkon VI Magnusson, Håkan Magnusson, Håkon Magnusson den yngre (for å skille ham fra oldefaren Håkon 5. Magnusson)

Fødd
1340, Sverige
Død
1380, Oslo
Gravlagd stad
Mariakyrkja i Oslo
Levetidskommentar
fødd 1340 (kanskje kring midten av august) i Sverige; nøyaktig fødselsdato og fødestad er ikkje kjend; død på seinsommaren eller tidleg på hausten 1380
Verke
Norsk og svensk konge
Familie

Foreldre: Kong Magnus 7. Eriksson (1316–1374) og dronning Blanca (cirka 1315/1320–1363).

Gift i 1363 med Margrete Valdemarsdatter (1353–1412).

Far til kong Olav 4. Håkonsson (1370–1387).

Håkon 6. Magnusson
Kong Håkon 6. Magnussons segl
Innkallelse til kongevalg
Innkallelse til kongevalg av Håkon Magnusson. Innkallelsen som er avbildet ble sendt til lagmenn og bønder i Österland (sørlige del av Finland) i 1362.

Håkon 6. Magnusson var konge i Noreg i perioden 1355–1380 og konge i Sverige i perioden 1362–1364. Han var truleg fødd i Sverige, og var yngste son av kong Magnus Eriksson og dronning Blanca av Namur. Håkon vart oppdratt i Noreg, og i 1343–1344 vart det bestemt at han skulle overta regjeringa i Noreg som konge når han vart myndig. Den eldre broren Erik skulle etterfølgje faren i Sverige.

I 1355 byrja Håkon å regjere i eiget namn, men faren Magnus hadde landet på begge sider av Oslofjorden, Island og trolig Hålogaland under sitt direkte styre. Magnus heldt også fram å leie den norske utanrikspolitikken i fleire år.

Håkon vart avsett som svensk konge i 1364, då Albrekt 3. vart valt i staden for Håkon. Håkon hadde imidlertid framleis kontrollen over store delar av Vest-Sverige (Värmland, Dalsland og delar av Västergötland). I heile regjeringstida si var han framfor alt anna oppteken av å vinne tilbake heile Sverige, først saman med far sin og seinare åleine. Under kampen om den svenske trona gjekk han i forbund med den danske kongen Valdemar Atterdag, og gifte seg med Margrete, dottera til Valdemar. Forbundet med Danmark førte Håkon inn i krig med dei tyske byane, som i 1367 inngjekk det store hansaforbundet mot Valdemar og Håkon. Håkon oppnådde fred med hansaforbundet året etter.

Valet av sonen Olav til dansk konge i 1376 opna for den over 400 år lange unionen mellom Noreg og Danmark.

Valt til norsk konge

På haustparten 1343 møtte ei rekkje framståande representantar for det norske riksrådet Magnus Eriksson, far til Håkon, på Varberg slott. 15. august ferda dei ut eit brev der dei gjorde det kjent at kongen, i samsvar med deira ønskje, hadde vedteke å gje kongsnamn til yngstesonen Håkon og gjere han til konge av Noreg. Snautt eitt år seinare, på Båhus slott 17. juli 1344, slutta representantar for bymenn og allmuge seg til. Dei hylla Håkon som konge og lova han evig truskap og hjelp. Håkon var då fire år gamal.

Møtet på Båhus slott knytte band til den gamle konungstekja. Hyllingsbrevet presiserer at det berre var ein del av Noreg Håkon tok over, og det slår dessutan fast at dersom Håkon skulle døy utan ektefødd son, skulle «rett og forn kongsarvefølgje» gjelde. Rett arving til Noreg ville då bli kongens eldste son Erik, eldre bror av Håkon, og han ville bli utgangspunktet for den vidare arvefølgja. Vedtaka frå 1343 og 1344 vart stadfeste på eit møte i Bergen i 1350.

Av datering i brev kan vi slutte at Håkon tok over som konge mellom 8. og 18. august 1355, 15 år gamal. Men i dei næraste åra heldt faren fram med å styre, med Håkon som medregent. Første gong vi møter Håkon åleine som konge, er 22. januar 1358, då han sende ut brev med fornying av privilegia for Oslo. I realiteten vart Noreg delt i 1355: I tillegg til Hålogaland og Vesthavsøyane, som Magnus hadde peika ut for seg på møtet i Bergen i 1350, heldt Magnus no att Tønsberg fehirdsle med Skienssysle. Dessutan var han den reelle styraren i morgongåvelenet til dronning Blanca, Borgarsysle og det meste av Båhuslen. «Magnusriket» fekk såleis sitt tyngdepunkt i søraust, opp mot dei viktige sørsvenske landskapa og det danske Skåne.

Valt til svensk konge

Håkon vart frå første stund dregen inn i dei problema faren hadde å stri med i Sverige, der ein stormannsfraksjon med Håkons bror Erik som samlingsmerke gjorde oppreist i 1356. Det vart forlik året etter, men situasjonen vart brått endra då Erik døydde i 1359. Kong Magnus vart avsett, og i samsvar med forliket frå 1357 vart Håkon valt i staden og hylla i Uppsala 15. februar 1362. Frå 1357 kunne han kalle seg «Sveriges fyrste», frå no av titulerte han seg «Noregs og Sveriges konge».

Ekteskap med Margrete

Som del av ein avtale med danskekongen Valdemar Atterdag vart Håkon i 1359 trulova med Valdemars seks år gamle dotter Margrete. Utanrikspolitiske forviklingar resulterte i eit mellombels brot, men etter ei turbulent tid med ulike alliansar vart partane på nytt forlikte, og Håkon og Margrete kunne feire bryllup i 1363. Det bandet som då vart knytt, skulle få konsekvensar for dei to rika og for tilhøva i Norden i fleire hundre år.

Tronkonflikt i Sverige

I Sverige vart det på nytt konfliktar, vesentleg som følgje av forleningspolitikken. Svenske stormenn tok kontakt med hertug Albrekt 2. av Mecklenburg, som var gift med kong Magnus’ syster Eufemia. I november 1364 vart sonen deira, Albrekt 3., hylla som svensk konge, og Håkon vart avsett. Håkon beheldt imidlertid kontrollen over store delar av Vest-Sverige (Värmland, Dalsland og delar av Västergötland) og opprettheldt tittelen konge av Sverige.

Frå no av kom striden om Sverige til å stå mellom folkungedynastiet (Bjälboætten), som Håkon tilhøyrde, og det mecklenburgske fyrstehuset. I første omgang tapte folkungane. I slaget ved Gata i Värmland i 1365 lei Magnus og Håkon eit avgjerande nederlag. Magnus vart teken til fange og sat fengsla i seks år.

For Håkon vart hovudmålet no å vinne Sverige tilbake. Han hadde herredømet i vestre delar av landet og kunne rekne med støtte frå grupper av stormenn som var misnøgde med Albrekt. Etter eit vellukka krigstog mot Stockholm i 1371 såg det ut til at Håkon kunne få revansj for nederlaget ved Gata. Men Albrekt makta å stå imot, og i fredsavtalen som vart slutta 14. august 1371, måtte Håkon nøye seg med å få frigjeve faren mot ein dryg løysesum. Kong Magnus tok over «sitt» rike, men døydde alt i 1374.

Forbund med Danmark og konflikt med hanseatane

Giftarmålet mellom Håkon og Margrete innleia ei ny utanrikspolitisk orientering for Noreg. Interessene måtte samordnast med Danmark, og det var ikkje uproblematisk, først og fremst på grunn av dei nordtyske byane og fyrstedøma. Byane med Lübeck i spissen protesterte, i 1365 og 1366 kom det til strid i Bergen, og det tyske kontoretBryggen vart mellombels stengt. Men både for Noreg og hanseatane, som i 1367 slutta seg saman i det mektige hansaforbundet, var det for store interesser som stod på spel. I 1368 vart partane samde om våpenstillstand, og på eit møte på Båhus slott juni 1370 vart det gjort avtale om fred i fem år.

I 1375 døydde kong Valdemar i Danmark, og det utløyste ny strid mellom dei to dynastia. Valdemar etterlet seg to døtrer – Ingeborg, som var gift med den mecklenburgske hertugsonen Henrik (bror til kong Albrekt i Sverige), og Margrete – og begge partar melde seg som tronkrevjarar. Mecklenburg lanserte Ingeborgs son Albrekt, medan Håkon og Margrete ville ha sin eigen son Olav Håkonsson på den danske trona, og det var dei som gjekk av med sigeren. 3. mai 1376 vart Olav valt til Danmarks konge.

Hansaforbundet hadde sikra seg rett til å gripe inn ved det danske kongevalet, men dei heldt seg nøytrale, og fekk godt betalt av kong Håkon for det. Ved den endelege fredsslutninga i 1376 oppnådde tyskarane å få stadfest «alle gamle sedvanar, så fritt som dei nokon gong hadde brukt dei». Ikkje rart at 1376 var eit år som hanseatane seinare stadig viste til når privilegia kom på tale.

Etter farens død vart Håkon sitjande med hans svenske land, men å sikre heile Sverige for folkungane var ei drivkraft for han livet igjennom. I mars 1380 skreiv han til «alle menn i Sogn» med påbod om at leidangsflåten skulle gjerast klar til utferd. Grunngjevinga var at «dei tyske i Sverige» hadde brote ein avtale om fred og rusta til strid. Vi kjenner ikkje til noko hærtog, og for Håkon var det slutt. Han døydde på ettersommaren same år, 40 år gamal, og vart gravlagd i koret i Den heilage krossens kapell i si eiga kyrkje, Mariakyrkja på kongsgarden i Oslo.

Noreg under Håkon 6.

Håkon tok over eit rike som var merkt av svartedauden. Kanskje så mykje som halvparten av folketalet var rive bort, og nye pestar følgde i 1360 og 1370–1371. Det finansielle underlaget, som var svakt i utgangspunktet, vart ytterlegare svekt, og samstundes kravde dei utanrikspolitiske engasjementa store utteljingar. Den løysesummen Håkon måtte ut med for faren i 1371 – 12 000 mark sølv – var åleine større enn dei ordinære årlege norske statsinntektene like før svartedauden. Håkon vart avhengig av hjelp utanfrå, og långjevar vart først og fremst Lübeck, som visste å utnytte dette til sin fordel.

Håkon lånte pengar både frå tyske kjøpmenn og norske stormenn til krigen med mecklenburgregimet i Sverige. Til å kjøpe fri far sin frå fangenskapet i Sverige vart det blant anna skrive ut ein ekstraskatt i Noreg. Norske og lojale svenske stormenn med sine sveiner utgjorde kjernen i Håkons hærstyrker i krigen for å gjenvinne heile Sverige. Leidangen vart dessutan utkalt fleire gonger, men då i større grad som forsyningar enn som hærstyrke.

Også dei norske stormennene stod svekt etter svartedauden, både personalmessig og økonomisk. Dette gjorde det påkravd med samarbeid innan stormannsgruppa og mellom stormennene og kongen. Riksrådet, med dei fremste geistlege og verdslege stormennene som medlemer, vart regelmessig drege inn. Fleire svenske stormenn kom til Noreg i Håkons kongstid og etablerte seg her. Mellom dei var Jon Marteinsson, gift med Agnes, dotter til Sigurd Havtoresson av Sudrheimsætta. Ein annan, Ulf Holmgeirsson, vart gift med ei dotter til Sigurds bror Jon Havtoresson, sjølv gift med ei høgadeleg svensk kvinne. Det fantes óg mecklenburgske stormenn som gjekk i teneste for Håkon.

Også med kyrkja som institusjon hadde Håkon 6. eit friksjonslaust samarbeid, og det ser ut til at det kyrkjelege kravet om jurisdiksjon i kristenrettssaker stort sett vart respektert.

Død og ettermæle

Under året 1380 har ei islandsk årbok (annal) notisen «Kong Håkon døydde, og folk såg på han som ein god mann». Ei 1400-tals svensk kjelde, tydeleg påverka av den heilage Birgitta, karakteriserer han derimot som ein gudlaus despot.

Av norske historikarar har Absalon Taranger godteke karakteristikken av Håkon som ein god konge, og han framhevar blant anna at kongen var pliktoppfyllande. Derimot karakteriserer Halvdan Koht Håkon som svak og tek dei utanlandske innslaga i stormannsgruppa og riksrådet som uttrykk for at «landsstyrelsen» vart meir og meir føydalisert, og ord som «unorsk» og «unasjonal» går att.

Slike karakteristikkar er det lett å avvise som anakronistiske. Det som må vektleggjast, er vilkåra og føresetnadene i Håkons eiga samtid. Han var bunden, ikkje berre av finansnauda etter svartedauden, men også av arven etter faren. Å sikre folkungeregimet i Sverige var ei oppgåve han ikkje svikta. Men han hadde sterke motspelarar, og forbundet han slutta med Danmark, kan forklårast ut frå det. Dynastiske interesser må elles ha vege tungt når han gjekk inn for og fekk gjennomført at sonen Olav, den norske tronfølgjaren, vart valt til dansk konge. Då Olav døydde i 1387, vart mora Margrete valgt til både dansk, svensk og norsk riksstyrar i det som frå 1397 vart kalla Kalmarunionen. På den måten kom Håkon 6. Magnusson til å innleie den lange unionstida, som varte fram til 1814.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Munch, Peter Andreas (1862–1863): Det norske folks historie (NFH), 2. hovedavdeling, del 1–2
  • Bugge, Alexander (1915): Det norske folks historie fremstillet for det norske folk (NHfNF), bind 3:1
  • Koht, Halvdan (1931): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5
  • Seip, Jens Arup (1937–1940): «Ennu en kristenrett fra gammelnorsk tid», i Historisk tidsskrift (HT), bind 31, sidene 572–627
  • Blom, Grethe Authén (1967): Kongemakt og privilegier i Norge inntil 1387
  • Gillingstam, H (1971–1973): biografi («Håkan») i Svenskt biografiskt lexikon (SBL), bind 19
  • Gyldendals Danmarks historie, bind 2, København 1980
  • Blom, Grethe Authén (1992): Norge i union på 1300-tallet, to bind, Trondheim
  • Bjørkvik, Halvard (1996): Folketap og sammenbrudd 1350–1520, bind 4 i ANH
  • Opsahl, Erik (1997): «Norwegen 1319–1397: ein «willenloser Trabant» der Nachbarländer?», i Detlef Kattinger, Dörte Putensen, Horst Wernicke (red.): Huru thet war talet j Kalmarn, Hamburg 1997, sidene 83–152
  • Opsahl, Erik (1998): «Kalmarunionen – et dansk-svensk prosjekt med Norge på slep? Norges rolle i nordisk politikk 1319-1397», i Knut Arstad (red.): Konge, adel og opprør. Kalmarunionen 600 år, Oslo 1998, sidene 16-28
  • Haug, Eldbjørg (2000): Margrete, den siste dronning i Sverreætten: Nordens fullmektige frue og rette husbonde
  • Riisør, Anne Irene og Spørck, Bjørg Dale (2000): «Dateringen av nyere Borgartings kristenretter», i Collegium Medievale 12, sidene 57–74
  • Moseng, Ole Georg med flere (2007): Norsk historie, bind 1, 2.utgave
  • Bjørkvik, Halvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Diplomatarium Norvegicum (DN)
  • Regesta Norvegica (RN), bind 5–7
  • Islandske Annaler

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg