Blanca av Namur

Faktaboks

Blanca av Namur

Blanche, Blantz, Blantze, Blanka

Født
Namur, Flandern (i dag i Belgia)
Død
1363, Tunsberghus, Tønsberg, Norge
Fødselsåret er ukjent, men mest sannsynleg mellom 1315 og 1320
Blanca av Namur

Dronning Blanca av Namurs segl.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Blanca av Namur var ei norsk og svensk dronning, gift med den norsk-svenske kongen Magnus Eriksson. Svensk motstand mot unionen mellom Noreg og Sverige gjorde at ho og mannen vart stygt sverta av den svenske adelen, og særleg av den heilage Birgitta.

Bakgrunn og familie

Blanche av Namur var dotter av marki Jean de Dampierre av Namur og markise Marie av Artois, som var i slekt med det franske kongehuset. Fødselsåret er ukjent, men mest sannsynleg mellom 1315 og 1320. Blanca gifta seg med Magnus Eriksson, konge av Noreg og Sverige, i 1335. Korleis giftemålet kom til, veit vi ikkje, men truleg prøvde krona å knyte sterkare band til Frankrike og Flandern. Paret fekk fire barn, mellom dei kong Håkon 6 Magnusson av Noreg og Sverige, og Erik 12 Magnusson av Sverige.

Det første dokumentet Blanca opptrer i, er frå november 1335, der Magnus gir nåde til nokre tyskarar «etter kjærleiken og forbønnene til den kjæraste kona vår».

Dronning i Noreg og Sverige

Unionsdronning

Blanca spela ei viktig rolle som unionsdronning ved å ta del i offentlege oppgåver og sjølv vere med i riksstyret når kongen var på reise. Dronninga styrte òg mykje sjølvstendig over dei norske og svenske områda Borgarsysla, Elvesysla, Ranrike, Värmland og Dalsland, som ektemannen hadde gitt henne som morgongåve etter bryllaupet.

Motstand

I 1336 vart Blanca og Magnus krona i Stockholm. Denne felles kroninga symboliserte eit tettare rikssamband, noko både det svenske og det norske riksrådet motsette seg. Særleg ytte den svenske adelen motstand, og Blanca vart ein del av striden. Først vart ho sverta med sladder om utruskap med riddaren Bengt Algotsson, ein plikttru rådgivar for kong Magnus.

Sonen Erik Magnusson vart konge av eit sjølvstendig Sverige, medan broren Håkon fekk Noreg. Då både Erik og kona Beatrix døydde i 1359, vart det sett ut rykte om at Blanca hadde forgifta sonen og svigerdottera. Ei av drivkreftene i svertinga var den heilage Birgitta. Ho hadde vore hovmeister for Blanca og heldt seinare fram med å refse henne og Magnus, som ho skulda for «ulovleg elsk», homoseksualitet. Likeins hevda ho å ha sett Blancas giftmord i ei openberring.

Unionsstrid

Dødsfallet til Erik førte til ei ny samling av Noreg og Sverige i 1362. Då så Håkon Magnusson gifta seg med Margrete, dotter av danskekongen Valdemar Atterdag, låg vegen open for ein samnordisk union. Svenskane gjorde på ny opprør og fekk valt sin eigen konge, Albrecht av Mecklenburg. Kort tid etter bryllaupet mellom Håkon og Margrete, døydde Blanca.

Namnet Blanca

Blanca er sett i samband med barnerimet «Ride, ride, ranke – hesten heiter blanke», forma gjennom forteljingar og måleri. Dronninga, som vart kalla Blantz i Noreg og Sverige, har derimot neppe vore inspirasjonskjelde for diktet, som heller kjem av det angelsaksiske ordet for gråkvit, skimlete hest.

Blanche de Namur er eit godt kjent kveiteøl (wit) frå Brasserie du Bocq, frå like ved Namur, oppkalla etter dronninga.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg