Landskappleiken er FolkOrgs største arrangement og er ein årleg konkurranse for heile landet i norsk folkemusikk: spel, vokal folkemusikk og dans. Samtidig er Landskappleiken eit stemne og den viktigaste møteplassen for Folkemusikk-Noreg. Årleg samlar Landskappleiken omlag 1000 aktive, spelemenn, songarar og dansarar i fem dagar i slutten av juni. Omlag 5000-7000 tilreisande besøkjer Landskappleiken kvart år. Arrangementet ambulerer mellom ulike landsdelar. FolkOrg eig arrangementet og samarbeider med ein lokal arrangør, som oftast eitt eller fleire lokallag i organisasjonen.

Den fyrste kappleik slik me i dag oppfattar arrangementet, gjekk føre seg på garden Grivi i i 1888. I 1896 arrangerte Vestmannalaget for fyrste gong det dei kalla "tevling i nasjonalspel" i Bergen. Når omgrepet "landskappleik" heilt eksakt blei teke i bruk fyrste gong er uvisst, men truleg stammar dette frå desse fyrste kappleikane. Til å begynne med var det berre tevling i såkalla "nasjonalt spel", det vil seie spel på hardingfele. Dansen kom med litt etter litt, fyrste gong i 1897 med lausdans i Bergen, medan springaren ikkje kom med i tevlingane i Vestmannalaget før i 1905. I tida fram mot 1. verdskrigen blei det halde ulike stemne i ulike delar av landet, unntaket er nordover i landet. Etter krigen, i 1918, blei kappleikideen teken oppatt, blant anna av "Foreningen til folkemusikkens fremme" og spelemannslaget "Huldreleiken"i Oslo. Her blei kimen til ei større samling av spelemennene lagd. 

Etter at Landslaget for Spelemenn (LfS) blei stifta i 1923, blei det meir og meir vanleg med hyppigare landskappleikar. Og det var spel på hardingfele som var det dominerande. I 1933 var fyrste gong det blei skipa til tevling i dans i regi av LfS på ein landskappleik. Deltakinga på vanleg fele varierte sterkt etter kvar i landet kappleiken blei halden, fyrste gongen det blei kåra ein vinnar på ein landskappleik på vanleg fele var i 1924. Stabil deltaking på dette instrumentet kom ikkje før litt etter 2. verdskrig. Den vokale folkemusikken kom endå seinare med, me må til 1958 for å finne fyrste kvedar på ein landskappleik, og me må til 1965 før klassa for vokal folkemusikk har meir stabil deltaking. Dei eldre instrumenta har vore med lenge, men deltakinga har vore spinkel opp gjennom mange år. Det er fyrst i 1980-åra og endå meir i 1990-åra at ein finn ein merkbar auke i deltakinga på desse instrumenta på Landskappleiken.

I 1946 hadde LfS gjort vedtak om at laget skulle skipa ein landskappleik minst annankvart år. Men ein kom raskt i gang med årlege landskappleikar. Landskappleiken var på den tida LfS sin desiderte viktigaste aktivitet, og årsmøtet i LfS blei lagt til Landskappleiken. I 1977 var siste gongen årsmøtet i LfS blei halde i førekant av Landskappleiken, kappleiken hadde vokse seg for stor. Samtidig arbeidde LfS òg for å støtte opp om mindre kappleikar: fylkeskappleikar, lokalkappleikar og liknande.

Landskappleiken har endra seg mykje og vokse kraftig over tid, likevel oppfattar mange dette arrangementet som noko av det mest tradisjonelle som går føre seg i norsk folkemusikk. 

Klasseinndelinga på Landskappleiken har røter langt tilbake, men talet på klasser har auka litt etter litt. I dag blir det konkurrert i mange klasser. For soloframføringar gjeld desse: I spel vanleg fele og hardingfele, vokal folkemusikk, lausdans og pardans delar ein opp i A, B, C og D-klasse, der A er eliteklassa, B er for dei over 18 år, C er for dei mellom 12 og 18 år og D er for dei over 60-år. I gruppespel, lagspel, lagdans og eldre folkemusikkinstrument konkurrerer ein enten i junior (under 18 år) eller senior (over 18 år). I tillegg finst open klasse for den meir nyskapande folkemusikken.

Landskappleiken har òg sidan 1978 med litt ujamne mellomrom hatt ei tevling om å lage det beste instrumentet: feler og hardingfeler. Dei eldre instrumenta kom også med i denne ordninga frå og med 1996. I 1997 blei det innført ein praksis med å ha instrumentutstilling annankvart år på Landskappleiken.

  • Mæland, Jostein: Landslaget for Spelemenn 1923-1973, 1973
  • Ranheim, Ingar: Landslaget for Spelemenn 1973-1998, 1978

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.