Gol (tettstad)

Gol kyrkje.

Artikkelstart

Gol er ein tettstad i Gol kommune i Viken. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,4 km², og har 2929 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
2929 (SSB, 2020)
Landareal
3,4 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
2061 Gol

Tettstaden er administrasjonssenter i Gol kommune, og er den største tettstaden i Hallingdal.

Gol ligg i «Hallingdalskneet», der Hemsedal munnar ut i Hallingdal, og er eit viktig handels-, service- og kommunikasjonssenter i Hallingdal. Tettstaden har stor turisttrafikk med mellom anna fleire hotell, og her ligg òg Gol vidaregåande skule. Bergensbanen har stoppestad og riksveg 7 går gjennom staden.

Gol kyrkje frå 1882 er eit sentralt element i tettstaden, Gol stavkyrkje vart flytta til Norsk Folkemuseum i Oslo same år. I 1994 vart det reist ein kopi av stavkyrkja ved sentrum.

Kart

Gol
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg