Faktaboks

Etymologi

Truleg frå eit bortkome elvenamn Aura, 'gruselva'

Administrasjonssenter
Bagn
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
2 889 (2022)
Landareal
1 068 km²
Høgaste fjell
Ørneflag (1243 moh.)
Innbyggjarnamn
søraurdøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
3449 (frå 01.01.2020, tidlegare 0540)

Kommunevåpen

Hedalen stavkyrkje frå siste del av 1100-talet.

Sør-Aurdal

Sør-Aurdal. Eit lite tjern i nærleiken av Nevlingen i Vassfaret. I bakgrunnen ser ein den karakteristiske Nevlingkollen, 1027 moh. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Sør-Aurdal er ein kommune i Innlandet fylke, lengst sør i Valdres, med hovuddalføret langs Begna og sidedalføret Hedalen. I sør og vest grensar Sør-Aurdal til Buskerud fylke, i nord til Nord-Aurdal og Etnedal og i aust til Nordre og Søndre Land kommunar.

Sør-Aurdal blei eigen kommune i 1837. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1984, då Makalausfjellet blei overført til Nord-Aurdal. Administrasjonssenteret er Bagn. Andre bygder er Reinli, Leirskogen, Begnadalen og Hedalen.

Natur

Det meste av kommunen er kupert skogsterreng med mange små vatn. Halve arealet ligg 600 til 900 meter over havet. Høgste toppen er Ørneflag (1243 meter over havet) lengst sør på grensa til Flå i Hallingdal. Begna, som er hovudelva i Begnavassdraget, renn gjennom kommunen. Begnavassdraget er eit delvassdrag til Drammensvassdraget. Langs Begna fell terrenget frå 300 til 160 meter over havet i kommunen. Den største innsjøen i Sør-Aurdal er Aurdalsfjorden. I Sør-Aurdal ligg delar av Vassfaret og Vidalen og dessutan Indre Vassfaret landskapsvernområde forutan fleire naturreservat for barskog. Berggrunnen består av grunnfjell (gneis og granitt), lengst i nord er det blant anna noko skifer.

Befolkning og busetjing

Busetjinga er spreidd i store delar av kommunen, langs Begna og i fleire av sidedalane. Lengst nord i Begnadalen, ved E16, ligg administrasjonssenteret Bagn. Folketalet i kommunen har minka heile tida etter andre verdskrigen. I tiårsperioden 2014 til 2023 gjekk folketalet tilbake med 8,5 prosent, den største tilbakegangen blant Valdreskommunene.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Sør-Aurdal.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Bagn 610 21 % 0,9 km²

* Andelen av innbyggjarane i Sør-Aurdal kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Sør-Aurdal (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Sør-Aurdal er ein typisk jord- og skogbrukskommune, med noko industri- og serviceverksemd. Jordbruket er prega av små bruk med vekt på storfehald, i tillegg til noko sauehald. Sør-Aurdal er ein relativt stor skogkommune. Nesten halvparten av skogavverkinga i Valdres skjer i Sør-Aurdal, med 104 000 kubikkmeter (2018), der 77 prosent av kvantumet var gran. Begna Bruk er den største private verksemda i kommunen med om lag 50 tilsette. Elles er industrien beskjeden.

Sør-Aurdal er kommunen med tiande størst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei åtte vasskraftverka i kommunen produserer til saman 425 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Bagn (i drift fra 1963), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Eid (2000) og Reinli (2008). Skagerak Kraft er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Hafslund ECO Vannkraft med om lag ein tiandedel.

Fjellområda gir grunnlag for ein del turisttrafikk, og kommunen har monaleg hytteturisme, særleg i fjelltraktene mellom Hedalen og Reinli. Kommunen har 3567 hytter (2022), og er ein av Innlandets større hyttekommunar.

Samferdsel

E16 (stamveg mellom Austlandet og Bergen) følgjer Begna gjennom kommunen. Fylkesveg 243 går frå E16 i Nes i Ådal til Hedalen stavkyrkje, og frå denne fører fylkesveg tilbake til E16 i Begnadalen. Kommunen har elles eit omfattande nett av offentlege og private vegar i dalføra og fjellområda med heilårs samband til Nesbyen og Gol i Hallingdal.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Kart: Sør-Aurdal kommune i Innlandet

Sør-Aurdal kommune i Innlandet fylke.

Kart: Sør-Aurdal kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Sør-Aurdal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Etnedal, Nord-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Sør-Aurdal kommune svarer til dei fem sokna Bagn, Begnadalen, Hedalen, Leirskogen og Reinli i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sør-Aurdal til Valdres fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sør-Aurdal

For statistiske formål er Sør-Aurdal kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 25 grunnkrinsar:

  • Bagn og Reinli: Liagrenda, Stavadalen, Renli, Kyrkjebjørgo, Spangrud, Klokkermoen, Voll, Island, Leirskogen, Fønhus, Smedlund, Sæterbygda, Bagn/Reinli sameie
  • Begnadalen: Grimsrud, Begna, Garthus, Tollefsrud, Sørum
  • Hedalen: Åsli, Ildjarnstad, Lia, Nerstad, Storruste, Vassfaret, Hedalsfjellet

Historikk og kultur

Relikvieskrin_Hedalen
Relikvieskrinet frå Hedalen stavkyrkje er å sjå i kommunevåpenet.
Relikvieskrin_Hedalen
Lisens: CC BY SA 3.0

Den folkekjære forfattaren Mikkjel Fønhus kom frå Sør-Aurdal. Han skildra naturen og livet i området i dei mange bøkene sine. Sør-Aurdal er også heimbygda til komponisten og organisten Sigurd Islandsmoen. Kommunevåpenet til Sør-Aurdal har bilete av eit relikvieskrin i gull. Det viser til den rike kulturarven i området. Skrinet er frå Hedalen stavkyrkje, som er den eine av to stavkyrkjer i kommunen. Den andre ligg i Reinli. Desse er viktige turistattraksjonar til liks med friluftsmusea Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger i Hedalen, som formidlar historia om liv og virke i eldre tider i kommunen. Nasjonalminnet Bagnsbergatn har minne frå krigshandlingane i 1940.

Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut fire dagar i veka, med stoff både på bokmål og nynorsk.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har eit relikvieskrin i gull mot ein blå bakgrunn. Dette viser til eit skrin i Hedalen stavkyrkje.

Kart

Kart over Sør-Aurdal kommune
Kart over Sør-Aurdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg