Golsfjellet
Storefjell.
Storefjell.

Golsfjellet er ei fjellvidde i Gol kommune, Buskerud fylke, og ligg mellom Hallingdal i sør, Hemsedal i vest, Tisleifjorden i nord og Nord-Aurdal i Valdres i Innlandet fylke i aust. Golsfjellet er jamt over 800–1000 meter over havet. Det høgaste punktet er Nystølvarden på 1296 meter som ligg i sør. I nord er det er Storefjell på 1149 meter over havet som ragar høgst.

Over Golsfjellet går fylkesveg 51 frå Gol i Hallingdal til Leira i Valdres. I dette området er det fleire setergrender, hytteområde og fleire hotell og andre overnattingsstader. Golsfjellet er eit utfartsområde med stort besøk både sommar og vinter. I påska opprettar Norges Røde Kors Hjelpekorps ein eigen informasjonssentral ved Storefjell høgfjellshotell. Ved Klanten er det ein småflyplass.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg