Borgund (Møre og Romsdal)

Borgund var ein landkommune som heilt omkransa bykommunen Ålesund.
Borgund kommune ved folketellinga i 1960
Kart fra SSB.

Artikkelstart

Borgund var ein kommune i Møre og Romsdal som vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret i Noreg. Frå 1968 vart Borgund slått saman med Ålesund til Ålesund kommune.

Borgund var ein landkommune som omkransa bykommunen Ålesund. Ved samanslåinga med Ålesund i 1968 besto Borgund nesten bare av øyer; dei større øyene med fastlandssamband var Sula, Ellingsøya, Heissa, Nørve og vestre delen av Uksenøya. I Åsefjorden i sør høyrde dei to mindre øyene Tørla og Humla til kommunen.

Historiske grenseendringar

Fram til 1908 vart tre område utskilt frå Borgund: I 1849 vart Skodje oppretta som eigen kommune, i 1875 vart eit område med 902 innbyggarar overført til Ålesund, og ved ny utskiljing i 1908 vart Giske oppretta som eigen kommune.

Borgund hadde så i perioden fram til kommunesammenslåinga med Ålesund i 1968 fire grensereguleringar mot nabokommunane: I 1916 vart eit mindre område (14 personar) overført frå Skodje, i 1922 eit område med 1148 personar innlemma i Ålesund, i 1958 eit område på Sula (68 personar) overført frå Hareid, og i 1965 vart Borgunds områder nord for Grytafjorden (1191 innbyggarar) overførte til Haram.

I 1977 vart så Sula (6303 innbyggarar) skilt ut som eigen kommune.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg