Skodje (tettstad)

Artikkelstart

Skodje er ein tettstad i Ålesund kommune som til 2019 var administrasjonssenter i daverande Skodje kommune.

Faktaboks

Uttale

skøy'e

Innbyggertall
2523 (2019)

Tettstaden ligg på nordsida av Skodjevika, den inste armen i Stavsetfjorden/Ellingsøyfjorden, like nord for E39 i Skodjestraumen. Gjennom Skodje går fylkesveg 661 frå Skodjestraumen nordover via Vatne og tilbake til E39 i Vestnes.

Skodje har variert industri og fiskeoppdrett. Storgarden Solnør ligg sør for tettstaden. Skodje kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1860.

Kart

Skodje
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg