Artikkelstart
Skodje er ein tidlegare kommune på Sunnmøre, i Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke. Skodje ligg rett aust for Ålesund by og omfattar den austlege delen av Uksenøya og eit område på fastlandet nordaust for øya. Dei to delane av Skodje ligg på kvar si side av Skodjevika, den inste delen av Ellingsøyfjorden.
Skodje var eigen kommune som eksisterte frå 1849 til 1964 og frå 1977 til 2019. Den vart i 2020 slått saman med Haram, Sandøy, Ørskog og Ålesund til Ålesund kommune. Samanslåinga var del av kommunereforma.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.