Uksenøya

Artikkelstart

Uksenøya er ei øy i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Det er den austligaste av dei fire øyene som tettstaden Ålesund ligg på.

Faktaboks

Etymologi
første ledd okse
Også kjent som
Oksenøya, Yksenøya

Øya har eit areal 107,9 km2 og 27 334 innbyggarar (2015). På Uksenøya ligg blant anna bydelane Nørvasund, Spjelkavik, Åsestranda og Blindheim i Ålesund og tettstaden Valle. Ålesund sjukehus (Åsestranda) og Borgund vidaregåande skule ligg på Uksenøya.

Uksenøya har brusamband til fastlandet i aust over Dragsundet (E136/E39) og med Nørve over Nørvasundet i vest (E136). Øya har likeeins brusamband med øya Sula i sørvest (E39).

Det 7,3 km2 store Brusdalsvatnet på Uksenøya er Ålesunds drikkevasskjelde.

Kart

Uksenøya
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg