Baglarsagaene

Baglarsagaene er namnet på ein norrøn kongesaga som omhandlar striden mellom baglarar og birkebeinarar i tidsrommet frå kong Sverres død i 1202 fram til Inge Bårdssons død i 1217. Sagaen er overlevert i to versjonar, ein eldre og kortare, og ein yngre og lengre.

Faktaboks

uttale:
bˈagler-
etymologi:

norrønt Bglunga so̢gur

også kjent som:

Sagaen om baglere og birkebeiner; Håkons, Guttorms og Inges saga; Baglarsoga

Dei viktigaste kongane som er omtala i Baglarsagaene, er birkebeinarkongane Håkon Sverresson (1202–1204) og Inge Bårdsson (1204–1217) og baglarkongane Erling Steinvegg (1204–1207) og Filippus Simonsson (1207–1217).

Den eldste versjonen

Den eldre og kortare versjonen av Baglarsagaene er overlevert på norrønt i to handskrifter frå mellomalderen, Skálholtsbók yngsta (AM 81 a fol.) og Eirspennill (AM 47 fol.).

I teksten er det brukt islandske namn på dagane (til dømes þriðjudagr 'den tredje vekedagen' i staden for týsdagr), og det er teke med opplysningar som ikkje har så mykje med handlinga å gjere, men som vedkjem islendingar. Soga kan difor ha vore skrive av ein islending.

Forteljinga i den eldre versjonen går berre fram til ei semje mellom partane (forliket i Kvitingsøy) i 1208, med spreidde opplysningar fram til 1210. Soga er truleg skriven i eller kort tid etter 1210.

Den yngre versjonen

Den yngre og lengre versjonen finst fullstendig berre på dansk i Peder Claussøns kongesagaomsetjing, Norske Kongers Chronica, men det er også overlevert tekst frå denne versjonen i tre norrøne fragmenter.

I denne versjonen er teksten som gjeld dei første to åra (1202–1204), utvida; det er teke med meir stoff om birkebeinarane. I perioden frå 1204–1208 stemmer den yngre versjonen godt overeins med den eldre. Etter 1208 er soga utvida fram i tid, og forteljinga går fram til Inge Bårdssons død i 1217.

Synsvinkelen ligg oftare hjå birkebeinarane i den yngre versjonen, og ein trur at utvidinga er gjord rundt 1220 av ein som stod birkebeinarane nær.

Utgåver og omsetjingar

Den norrøne teksten av Baglarsogene er utgjeven fleire gonger, i Eirspennill ved Finnur Jónsson (1916), i Skálholtsbók yngsta ved Albert Kjær (1916), og ved Hallvard Magerøy (1988). I utgåva si har Hallvard Magerøy også teke med den danske omsetjinga til Peder Claussøn.

Ei utgåve med normalisert norrøn tekst er utgjeven av Guðni Jónsson (1957).

Soga er omsett til bokmål av Alexander Bugge (1914) og Finn Hødnebø (1979), og til nynorsk av Gunnar Pedersen (1962).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg