Flateyjarbók
Av .
Flateyjarbók, Ólafs saga hins helga
Side frå Flatøybok, sagaen om Olav den heilage. Illustrasjon av Olavs død på Stiklestad.
Av .

Flateyjarbók, på norsk ofte kalla Flatøybok, er eit islandsk handskrift frå mellomalderen. Flateyjarbók er det største av alle bevarte islandske handskrifter med 225 pergamentblad i stort format. Boka har namn etter Flatey, ei øy utanfor vestkysten av Island, der boka blei oppbevart.

Faktaboks

Også kjend som
Flatøyboka

Forfattarar og eigarar

Hovuddelen av Flateyjarbók er skriven rundt 1390 av to islandske prestar for den nord-islandske stormannen Jon Håkonsson. På midten av 1600-talet samla skálholtsbiskopen Brynjólfur Sveinsson inn gamle islandske manuskript for å levera dei til den danske kongen. Den dåverande eigaren av Flateyjarbók, bonden Jón Finnsson på Flatey i Breiðafjörður, måtte gi boka til Brynjólfur. Biskopen gav i 1656 boka vidare til kong Frederik 3. Flateyjarbók blei deretter oppbevart i Det Kongelege Bibliotek i København inntil ho i 1971 blei ført tilbake til Island, der ho no er oppbevart ved Det arnamagnæanske institutt i Reykjavík.

Innhald

Flateyjarbók er eit praktverk, med farga illustrasjonar og dekorerte initialar. Innhaldet er eit utval av eldre verk. Her er avskrifter av ei rekkje kongesagaer, først og fremst sagaene om Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, i tillegg til fleire andre sagaer som mellom anna Jómsvíkinga saga, Færeyinga saga, Orkneyinga saga, Hallfreðar saga, Grønlendingenes saga og Fóstbrœðra saga. Boka inneheld også stoff av andre slag, mellom anna eddadiktet Hyndluljod og Flateyjarannáll (ein annal over hendingar på Flatey).

Flateyjarbók er også kjent som Codex Flatöiensis, og handskriftet har arkivsignatur frå Gammel kongelig Samling i København, GkS 1005 fol.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg