Faktaboks

Henning Sommerro
Fødd
3. mai 1952, Surnadal, Møre og Romsdal
Verke
Musiker, komponist og pedagog
Familie

Foreldre: Gårdbruker Knut Sommerro (1909–86) og Hildur Øverås (1910–2003).

Samboer med musiker, dirigent og pedagog Anne Kleivset (29.9.1960–), datter av disponent Martinius Kleivset (1912–85) og Alma Julie Jørgensen (1917–95).

Henning Sommerro
Henning Sommerro
Av /NTNU.

Henning Sommerro er ein norsk musikar, professor, komponist og songar. Han har gjennom fem tiår skrive musikk til teater, ballett og film forutan korverk, kyrkjemusikk, kammermusikk og orkestermusikk. Dessutan har han samla og arrangert folkemusikk, mellom anna tonesett dikt av Hans Hyldbakk, der «Vårsøg» er det mest kjende. Sommerro er professor ved Institutt for musikk ved NTNU.

Bakgrunn

Henning Sommerro er fødd i Surnadal i Møre og Romsdal. Han har organisteksamen frå Trøndelag Musikkonservatorium (no NTNU) 1974 og halde debutkonserten sin i Nidarosdomen same år. Etter fullført eksamen arbeidde han som organist i Stangvik og TodalenNordmøre. Han studerte deretter orgel og komposisjon ved Musikkakademiet i Basel frå 1976 til 1977. Etter tida i Basel vart Sommerro musikalsk leiar ved Teatret Vårt i Molde (1978–1982), deretter musikalsk leiar ved Trøndelag Teater (1985–1990) og programsekretær og musikkonsulent for NRK P2 (1986–1988). Frå 1990 har han vore høgskulelektor, seinare professor, ved Institutt for musikk ved NTNU. Her underviser han i kontrapunkt, orgelimprovisasjon og komposisjon.

Komposisjoner

Sommerro vart landskjend med songen og albumet «Vårsøg» (1977), saman med gruppa av same namn. Sommerro har medverka på ei lang rekkje albumutgivingar og har samarbeidd med ei rekkje anerkjende artistar, musikarar og forfattarar, deriblant Erik Bye, Brynjar Hoff, Arve Tellefsen og Sigmund Groven.

Mange av Sommerros verk er komponert på bestilling frå ulike kulturinstitusjonar og musikarar. Han har skrive musikk til over 100 teaterstykke og fleire musikkspel, mellom anna Adrian (1983) og Jenta mi (1989). Operaene Olav Engelbrektsson (1993) og Eystein av Nidaros (2003) har kyrkjehistoriske sujett. Som filmkomponist har Sommerro sett musikk til filmane Kjærleikens ferjereiser (1979), Landstrykere (1989) og Trikken til Auschwitz (2013). Vidare har han skrive solokonsertar for klaver, cello, munnspel, panfløyte og fiolin, alle med orkester/strykarar.

Henning Sommerro har gjort lyrikaren Hans Hyldbakk frå Surnadal landskjend gjennom tonesetjing av dikt som til dømes Vårsøg. Songen Vårsøg er blitt eit sikkert vårteikn for dei som lyttar på norsk radio. Sommerro har sett melodi til ei rekkje av Edvard Hoems salmar. Samarbeidet med Hoem førte i 2003 til utgivinga av salmesamlinga Den fattige Gud (Oktober forlag). I Norsk salmebok (2013) er Sommerro representert med åtte melodiar, av dette sju tekstar av Hoem. Hans mest kjende salmemelodi er truleg likevel Blå salme til tekst av Erik Bye.

Sommerro meistrar både det musikkdramatiske formatet og verkemidla til den moderne musikken. Stilen er variert og viser ofte tilknyting til folkemusikk. Eit av hans mest spelte arrangement er Bruremarsj frå Øre. Ein kan kjenne att element frå både tradisjonsmusikken, kyrkjemusikken og kammermusikken i den musikken Sommerro komponerer. Han tek ofte utgangspunkt i den nordmørske musikalske arven. Teften han har for å finne gode tekstar som passar til musikken, gjer at han gjennom fem tiår har nytt stor respekt blant kritikarar og publikum.

Folkemusikk

Sommerro har gitt ut fleire samlingar med norsk folkemusikk, først og fremst frå Romsdal og Nordmøre. Saman med Ola Bræin har han gitt ut Edvard Bræin si store samling av folkemusikk i tre bind: Nu rinner sola opp (1990), La stemma di klinge (2006) og Nordmørstoner (2013).

Henning Sommerro tok initiativ til å starte musikkfestivalen Vårsøghelga i Surnadal i 1995 og har sidan då vore kunstnarisk leiar for festivalen. Festivalen har som formål å fremje både tradisjon og nyskaping, og å styrkje lokal identitet med vekt på dialekt og nynorsk.

Utmerkingar

Vårsøg, 1979
Vårsøg under Spellemannsprisen 1979.
Av /NTB.

Gruppa Vårsøg fekk fyrste gong Spellemannprisen for albumet «Sola e komma» i 1978. I 1981 vart Sommerro tildelt Spellemannprisens heiderspris, og i 1986 nok ein Spellemannpris for albumet «Neonlys på Ivar Aasen». I 1978 fekk han Prøysenprisen. Han har fått den fylkeskommunale kulturprisen i både Møre og Romsdal (1979) og i Sør-Trøndelag (no Trøndelag) (1988). I 2013 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs orden for innsatsen sin som musikar og komponist.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arild Hoksnes: Samtale med Sommerro, 1992.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg