Hans Hyldbakk

Faktaboks

Hans Hyldbakk
Født
8. mai 1898, Surnadal, Møre og Romsdal
Død
18. august 2001, Surnadal, Møre og Romsdal

Foto 1997. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Hans Hyldbakk
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Hans Hyldbakk var forfattar og lokalhistorikar, skreiv «Vårsøg» og andre folkekjære dikt – og meir enn 11 000 sider lokalhistorie.

Bakgrunn

Hans Hyldbakk var fødd i Surnadal. Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929. Nynorsken hans fekk tidleg ein munnleg, nordmørsk grunntone, som han brukte både i dikt og sakprosa. Fleire av dei mest kjende dikta er skrivne på dialekt. Nordmøre folkehøgskule i Surnadal var avgjerande for forfattaren Hyldbakk. Skulen starta avisa Heimveg, der Hyldbakk skreiv frå første utgåve i 1924. Frå 1939 var han redaktør, og han la ned avisa i ein open protest mot nazifiseringa i 1942.

Hyldbakk gav heimen sin på Kleiva og alle pengane sine – ein million kroner – til Surnadal kommune, som årleg deler ut Kleivaprisen og tilskot frå Kleivafondet. Pengane skal gå til «kulturelle og lokalhistoriske føremål, unnateke stjerneidrett og fotball». Heimen til Hyldbakk har vorte eit landemerke på Nordmøre og er midtpunkt i Vårsøghelga kvar pinse.

Forfattarskapen

Lyrikken

Lyrikaren Hyldbakk skreiv rytmesikkert i bunden form. Han er med i mange dikt- og viseantologiar. Surnadal Heimbygdlag gav ut Vårsøg, dikt i samling i 1990. Diktet «Vårsøg» skreiv han i april 1945. Tittelen rommar altså meir enn «susing av vind og rennande vatn om våren», som er den vanlege tydinga av ordet.

Hyldbakk bar på ein draum om å skrive den store romanen, men opplevde å bli refusert då han var tidleg i 30-åra, og la draumen til sides. Han kom aldri inn i noko litterært miljø. Rett nok var Hyldbakk medlem av Den norske Forfatterforening i godt over 60 år, men var berre på eitt einaste møte. Då han døydde, var han den eldste medlemmen i forfattarforeininga.

Dikta «Vårsøg» og «E slåttatæja», med tone av sambygdingen Henning Sommerro, er blant dei kjæraste nyare visene våre. Samarbeidet gjorde lyrikken til Hyldbakk landskjend.

«Småkårsfolkets historikar»

Hyldbakk skreiv òg om lag 11 000 sider lokalhistorie, mellom anna i bygdebøker for seks kommunar. Spalta «Brev frå Kleiva» i avisa Driva var folkelesnad på Nordmøre og i Romsdal i nesten 30 år.

I tillegg til dette skreiv Hyldbakk seks prosabøker og sju jubileumsskrift. Han var lokal medarbeidar i Norsk Ordbok, Sæterbruk i Noreg og Gards- og grannesamfunn i Norge.

Sjølv sa han ofte at dikta berre var «biprodukt», det lokalhistoriske arbeidet var viktigast. Øvst sette han pionerverket Husmenn og husmannsplassar i Surnadal (1942). Han var den første som systematisk samla og gav ut slektshistorie om husmannsstanden, og «dei små» går att i alt han har skrive – dei som stridde i små kår, men som ikkje levde små liv.

Alle bygdebøkene hans kom mellom 1942 og 1972. Alle diktsamlingane, med eitt unntak, kom ut før 1942 og etter 1972. Det vil ikkje seie at han berre skreiv historie i 30 år, men fortel korleis den arbeidssame og nøysame Hyldbakk måtte prioritere for å leve av skrivinga.

Den tiande diktsamlinga hans kom ut det året han fylte hundre år. Til 100-årsdagen i 1998 kom biografien om Hans Hyldbakk, og i 2008 eit utval dikt og tekstar i boka Vårsøglandet.

Scene

Teaterstykket No skin det sol (1995), Hyldbakk-tekstar samla av Vidar Sandem, sette publikumsrekord for Teatret Vårt i Møre og Romsdal.

Utmerkingar

Hyldbakk fekk mellom anna fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal og Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sæter, Einar. & Svein Sæter: Hans Hyldbakk: samtale med ein 100-åring, 1998
  • Sæter, Svein: «Hans Hyldbakk», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. 2001
  • Sæter, Svein (red.): Vårsøglandet. Dikt og tekster av Hans Hyldbakk. Oslo 2008
  • Du mitt Nordmøre, 1998 (tema: Hans Hyldbakk)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg