Veslefrekk var ein trio der Henriksen spela saman med Ståle Storløkken på tangentar og Jarle Vespestad på slagverk, som studerte saman med Henriksen på jazzlina i Trondheim. Dei tok til å spele saman i 1989 og gav ut den sjølvtitulerte debutplata si i 1994. I 1997 spela dei på Nattjazz, saman med støymusikaren Helge Sten (aka Deathprod), og samarbeidet med han var så vellukka at han vart fast medlem i gruppa. Dei skifta namn til Supersilent i 1997 og gav ut den første plata si, 1–3, same året. Saman med Supersilent har Henriksen gitt ut eit titals album og turnert verda rundt, og hausta stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.
Platene til Supersilent er lange, frie improvisasjonar som vert redigerte i etterkant, utan at ny lyd vert lagd til. Lydbiletet er svært variert, frå eksplosive støyparti til minimalistiske, neddempa delar. Sidan debutplata i 1997 har dei mellom anna gitt ut platene 4 (1998), 5 (2001), 6 (2003), 8 (2007) og 9 (2009). I tillegg til plater har dei gitt ut ein konsert-DVD, 7 (2005). Platene deira har fått meir eller mindre samstemt ros frå kritikarane, og for 6 fekk dei i 2004 Alarmprisen i klassen for jazz. Veslefrekk gav ut avskjedsplata Valse Mysterioso, med originalbesetninga, i 2004.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.