Faktaboks

Kari Bremnes
Fødd
9. desember 1956, Svolvær
Verke
Sanger, komponist, tekstforfatter, kabaretartist og journalist
Familie

Foreldre: Rektor og forfatter Ole H. Bremnes (1930–) og lærer Randi Karoline Arntzen (1930–).

Gift 1982 med lege Nils Olav Aanonsen (3.2.1954–), sønn av sivilingeniør Knut Aanonsen og Eva Ingeborg Fosser.

Kari Bremnes
Kari Bremnes i 2008
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Kari Bremnes er ein norsk songar, komponist og tekstforfattar som lagar musikk i grenselandet mellom pop, visesong og kabaret. Ho er særleg kjend for å vere ein stor formidlar av songtekstar og for å ha ein særmerkt scenepersonlegdom. Ho har òg eit stadig veksande publikum i utlandet.

Bakgrunn

Kari Bremnes er fødd i Svolvær. Som 19-åring flytta ho til Oslo. Ho har cand.mag.-grad frå Universitetet i Oslo, med faga nordisk, historie og teatervitskap. Ved sida av studia arbeidde Bremnes som journalist i Nationen og i Aftenposten.

Musikkarrieren

Bremnes platedebuterte saman med broren Ola Bremnes då ho spela inn plata Folk i husan, som kom ut i 1980. I 1981 og 1982 var ho vokalist i visegruppa Stiftelsen, som mellom anna var med i Melodi Grand Prix i 1982 med låten «Romantikk». 1987 var Bremnes sitt gjennombrotsår som plateartist, då plata Mitt ville hjerte, med tekstar av Tove Ditlevsen, kom ut. Plata vart tildelt Spellemannprisen i kategorien visesong. I musikken sin har ho etter kvart bringa inn element frå jazz, rock og verdsmusikk.

Sidan har Bremnes vore ein produktiv låtskrivar og plateartist både som soloartist (15 album sidan 1987) og i samarbeid med andre. Som døme på det siste kan nemnast plata Soløye frå 2000, som ho gav ut saman med søskena Ola og Lars Bremnes. Soløye vart tildelt Spellemannprisen i kategorien viser og viserock.

Bremnes har tolka tekstar som andre har skrive, til dømes Tove Ditlevsen, Edvard Munch (på plata Løsrivelse), Olav H. Hauge, Ole H. Bremnes og Ola Bremnes. Ho har òg nytta melodiar av komponistar som Ketil Bjørnstad, Petter Henriksen og Ola Bremnes. I 1993 var Bremnes med på plateprosjektet Hadde månen en søster – Cohen på norsk, der ho mellom anna tolka Cohens «Everybody knows» med norsk tittel: «Alle vet jo det».

Men i aukande grad har ho sjølv stått for både tekst og melodi på plateutgivingane sine. Av plater på 2000-talet kan Over en by (2005), Ly (2009) og Og så kom resten av livet (2012) nemnast. Det me har (2017) kom ut på hennar eige plateselskap Månestein. Bremnes' største suksess på Norsktoppen er «Bergmannen» (2001).

Internasjonalt publikum

Bremnes skriv og syng hovudsakleg på dialekt, men har òg gitt ut engelskspråklege utgåver av nokre av songane sine (Norwegian Mood, 2000). Plata 11 ubesvarte anrop kom i engelsk versjon i 2003 (You’d have to be here). På denne måten har Bremnes nådd eit internasjonalt publikum. Ho har halde ei rekkje konsertar i fleire europeiske land og har gitt ut ein del av songane sine i engelsk versjon på albuma Norwegian Mood (2000) og You'd Have To Be Here (2003). I 1987 medverka ho i kabareten It Ain't Necessarily Gershwin.

Scene og film

Sceneframsyninga Når du kommer dit (2015) var eit samarbeidsprosjekt med Hålogaland Teater og Nordland Teater. Framsyninga bygde på Bremnes sine låtar. Kabaretframsyninga Svarta Bjørn (1998, også gitt ut på album) var eit bestillingsverk til Festspillene i Nord-Norge. Dokumentaren Mitt hjarte vart lansert på DVD i 2016. I 2017 debuterte ho som filmskodespelar i den politiske thrilleren Kings bay, der ho spela hovudrolla som den gravande journalisten Harrieth Hansen.

Søskentrioen Bremnes

Søskentrioen Kari, Ola og Lars Bremnes har gitt ut albuma Ord frå ein fjord (1992) og Soløye (2000, Spellemannprisen). Frå førstnemnde fekk dei ein slager på Norsktoppen med «Grågåsa». Også Lars Bremnes (fødd i 1964) gir ut soloplater. Ola sin son, Inge Bremnes (fødd i 1991), albumdebuterte i 2017.

Utmerkingar

Bremnes vart innlemma i Rockheim Hall of Fame i 2018. Ho fekk Gammlengprisen i 1990, og i 1995 fekk ho NOPAs prisar for beste tekst og melodi for «Gåte ved gåte», frå plata med same namn. Ho vart tildelt Nordland fylkes kulturpris i 1997 saman med brørne sine, Lars og Ola, TONOs formidlarpris (Edvard-prisen), for beste tekst til musikk i 2010 og Vidar Sandbecks kulturpris i 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Morten Haave

Til NBL-artikkelen så døde faren 9. mars 2018 (kilde VG 13.3.18)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg