Strupesong, overtonesong, solistisk songteknikk mest kjent i Sentral-Asia, særleg mellom mongolar og tuvinar, men finst òg blant munkar i Tibet. I tillegg finn me strupesong hjå inuittar i Alaska og Canada.

Strupesongteknikken går ut på å danne ein vedvarande mørk tone langt nede i strupen. Ved bruk av tunga endrar ein storleiken og forma på munnhola og får på den måten fram ulike overtonar. Slik oppstår det ein melodi over ein borduntone. Melodien har ofte forsiringar og blir vanlegvis danna mellom sjette og tolvte overtone.

Hjå mongolane er strupesong kulturarv. Ein av dei som har gjort strupesong kjent i meir moderne samanhengar, er tuvianske Sainkho Namtchylak frå grenseområdet mellom Tuva og Mongolia. Ho har ikkje berre brote med ein mannsdominert tradisjon, ho har òg utvikla den urgamle songtradisjonen på ein spesiell måte med jazz og elektronisk musikk.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.