Supersilent, Parkteateret, 2004. Av /Aftenposten/NTB. Begrenset gjenbruk

Supersilent

Artikkelstart

Supersilent er ei norsk fri-improvisasjonsgruppe med stor internasjonal suksess. Improvisasjonane er ofte baserte på store, høglydte støylandskap. Musikken er påverka av både jazz, rock og elektronika. Stilen på platene varierte noko innanfor ein formel av rockeprega fri-improvisasjon, med tydelege band attende til Miles Davis sin Bitches Brew-periode.

Albumet 6 (2003) har så langt vore bandet sin største suksess, ei utgiving som har fått god omtale frå internasjonal musikkpresse, mellom anna i The New York Times.

Veslefrekk

Opphavet til Supersilent var jazztrioen Veslefrekk, som vart starta i 1989 av trompetist Arve Henriksen, trommeslagar Jarle Vespestad og pianist Ståle Storløkken, alle studentar på jazzlina ved Trøndelag Musikkonservatorium (no jazzlinja ved Institutt for musikk, NTNU).

I 1994 gav dei ut debutplata si, Veslefrekk, og året etter skreiv dei eit tingingsverket Per, Nils og Veslefrekk til Vossajazz. Etter ti år og fire Supersilent-plater, gav originalbesetninga i Veslefrekk ut ei avskjedsplate i 2004, Valse Mysterioso, på NorCD.

Platene til Veslefrekk er gjennomsyra av improvisasjon og vekslar fritt mellom akustisk og elektronisk forsterka lyd. Spora er fråskilde som individuelle verk, ofte med forteljande titlar som «Tyve Aar Efter» eller «Slave», noko dei gjekk heilt bort frå i Supersilent.

Frå Veslefrekk til Supersilent

På Nattjazz i Bergen i 1997 heldt bandet konserten «Veslefrekk with Deathprod» saman med støymusikaren Helge Sten, kjend frå trondheimsbandet Motorpsycho. Både Veslefrekk og Sten var vane med fri-improvisasjon, så dei øvde ikkje saman før konserten. Men konserten vart så vellukka at Sten vart med som fast medlem i gruppa. Metoden med aldri å øve har dei halde på heilt fram til i dag. Dei spelar aldri saman utanom konsertar og plateinnspelingar.

Same hausten gjekk dei i studio for første gong saman, og debutplata, 1–3, kom på det nystarta plateselskapet Rune Grammofon i desember 1997. Det nye namnet på gruppa vart no Supersilent, eit ord dei skal ha oppdaga på ein lastebil. Namnet vert ofte sett på som ironisk, sidan dei ofte baserer improvisasjonane sine på store, høglydte støylandskap, men ein kan òg tolke det som ei stadfesting av det lite «verbale» uttrykket deira, manifestert i dei einsfarga plateomslaga og generiske sportitlane («1.1», «1.2», «2.1» osv.).

Medlemene av Supersilent er alle aktive solo- og studiomusikarar som er engasjerte i mange sideprosjekt. Vespestad forlet bandet i 2008, og sidan har Supersilent halde fram som trio.

Omslag og konsept

Dei einsfarga plateomslaga deira er designa av kunstnaren og musikaren Kim Hiorthøy og vart introduserte på 5 i 2001. Då 1–3 og 4 vart relanserte seinare, fekk også desse platene like omslag, og det er dei som vert brukte i dag. Plateomslaga, i tillegg til dei generiske sportitlane, har vorte ein umiskjenneleg del av varemerket og det viktigaste visuelle kjenneteiknet på platene til Supersilent. Slik konsentrerer dei merksemda mot musikken, noko mange meiner dei i stor grad har lukkast med. Inntrykket er forsterka av at dei ofte har få scenelys på konsertane sine og gjerne står vende innover mot kvarandre på scena i staden for utover mot publikum. Det tydelege konseptet deira og personfokuseringa i musikken har vore med på å styrkje den internasjonale statusen, som har vakse stendig sidan starten i 1997.

Konsertar og samarbeid

Supersilent har drive konsertverksemd jamleg i mange år og har spela på dei fleste av dei viktigaste norske festivalane og scenene for jazz og samtidsmusikk, i tillegg til mange internasjonale. Til dømes har dei spela på Molde International Jazz Festival, Kongsberg Jazzfestival, Øyafestivalen, Royal Festival Hall i London og Roskildefestivalen. Sidan all musikken deira er improvisert, er kvar konsert ei heilt unik oppleving.

Supersilent har samarbeidd med mange kjende musikarar og grupper, mellom anna Terje Rypdal, Nils Petter Molvær, John Paul Jones og Hans Magnus Ryan. Heller ikkje på slike samarbeidskonsertar øver musikarane på førehand. I 2010 var dei på ein lengre noregsturné med Motorpsycho, i regi av Rikskonsertane.

Utmerkingar

Supersilent vann Alarmprisen i kategorien jazz for 6 i 2004.

Diskografi

  • 1–3 (1997)
  • 4 (1998)
  • 5 (2001)
  • 6 (2003)
  • 7 – konsert-DVD, live-innspeling frå Parkteatret i Oslo (2005)
  • 8 (2007)
  • 9 (2009)
  • 10 (2010)
  • 11 (2010)
  • 12 (2014)
  • 13 (2016)
  • 14 (2018)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg