Faktaboks

Administrasjonssenter
Skei
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
3 047 (2019)
Landareal
620 km²
Høgaste fjell
Snønipa (1827 moh.) på grensa til Gloppen
Innbyggjarnamn
jølstring
Kommunenummer
1431 (fram til 2020)
/Store norske leksikon ※.
Jølster

Jølster. Astruptunet ved Jølstravatnet.

Jølster
Av /※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Jølster var ein kommune i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Den blei i 2020 ein del av Sunnfjord kommune, etter å ha blitt slått saman med Førde, Gaular og Naustdal, og blei samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ein landsomfattande kommunereform.

Jølster kommune i Sogn og Fjordane var den einaste kommunen i Sunnfjord utan kystlinje. Jølster kommune omfatta områda omkring Jølstravatnet og øvre del av avløpet herfrå, Jølstra. I nord låg søre del av Breimsvatnet (Førdefjorden) i kommunen, og i nordaust Stardalen med Storelva, som har avløp til Breimsvatnet. I aust nådde Jølster opp til toppen av Jostedalsbreen sitt platå.

Den einaste endringa av kommunegrensene før samanslåinga i 2020 kom i 1964. Då vart Breim kommune slegen saman med Gloppen, bortsett frå Førde krins, som vart overført til Jølster.

Natur

Berggrunnen i den tidlegare kommunen består av gneis og granitt som tilhøyrer Gneisregionen. Hovuddalane er typiske u-dalar og bratte lier fører opp til 1636 meter over havet. Det høgaste punktet på Grovabreen sør for Jølstravatnet ligg 1472 meter over havet. Aller høgast når fjella i aust med Jostedalsbreen sitt platå omkring 1800 meter og i nordaust på grensa til Gloppen, der SnønipaMyklebustbreen ragar 1827 meter over havet. Ein femdel av kommunearealet inngjekk i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Busetjing

Jølster hadde hatt stabilt folketal etter andre verdskrigen. Busetjinga er tettast langs nordsida av Jølstravatnet og langs Jølstra. Her bur 90 prosent av folkemengda til den tidlegare kommunen, og her finn ein alle dei tre tettstadane i den tidlegare kommunen: Langhaugane (733 innbyggjarar 2015), Vassenden ved vestenden av Jølstravatnet (393 innbyggjarar) og Skei på nordsida (462 innbyggjarar). Skei var administrasjonssenteret i kommunen.

Næringsliv

Jordbruket er viktigaste næring utanom offentleg administrasjon og tenesteyting. Husdyrhald dominerer, og berre vel éin prosent av jordbruksarealet blir nytta til åker og hagebruk. Det blir halde mykje storfe, sau og geit. Ved sida av Gloppen og Aurland var Jølster viktigaste geitebygda i tidlegare Sogn og Fjordane. Frå 1960-åra vart skogarealet auka ved nyplanting. I 2014 vart det avverka 9190 kubikkmeter skog, med berre gran.

Industrien er beskjeden, og kommunen har litt næringsmiddelindustri. Reiselivsnæringa i kommunen nyt godt av mykje turisttrafikk om sommaren, og på Skei ligg både turisthotellet Skei Hotell og Audhild Vikens Vevstove. Kommunen har elles mykje kunsthandverk, og Jølster er kjent for åkleveving.

Jølster var ein mellomstor kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 484 gigawattimar (GWh) i 2016. Ved kommunesamanslåinga var det 18 kraftverk i kommunen, og høgaste fallhøgd var 775 meter. Kraftverket med høgast snittproduksjon var Kjøsnesfjorden kraftverk.

Samferdsel

E39 går gjennom heile den tidlegare kommunen frå Førde langs Jølstra og nordsida av Jølstravatnet til Sandane i Gloppen. Riksveg 5 FlorøLærdal går frå Skei langs Kjøsnesfjorden med tunnel under Jostedalsbreen til Fjærland i Sogn. Fylkesvegar går på sørsida av Jølstravatnet med bru over Kjøsnesfjorden, den austre delen av Jølstravatnet, og austover Stardalen til Fonn under Jostedalsbreen.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Standkvarter for Fjordane Heimevernsdistrikt (HV 10) på Skei.

Jølster høyrde til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Flora, Førde, Gaular og Naustdal.

Jølster kommune svarer til dei to sokna Helgheim og Ålhus i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Jølster til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Jølster

For statistiske formål var Jølster kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

  • Ålhus: Eikås, Langhaugane, Hjellbrekke, Vassenden nord, Vassenden sør, Sanddal, Svidal, Ålhus
  • Helgheim: Myklebost, Årdal, Helgheim, Fugle, Skei, Kjøsnesfjorden, Førde, Klakegg, Veiteberg, Åmot

Historikk og kultur

Ved kyrkja på Ålhus finst tuftene av ei borg som høvdingen Audun Hugleiksson lét byggje. På sørsida av Jølstravatnet budde målaren Nikolai Astrup, som har måla ei rekkje bilete med motiv frå Jølster. Mange av verka hans er i dag utstilte i Astruptunet, som no er museum. På Ålhus ligg Eikaasgalleriet med mellom anna fast utstilling av kunstnaren Ludvig Eikaas, opna i 1994. Bygdetun i Stardalen.

Den tidlegare kommunen har tre kyrkjer: Ålhus kyrkje, langkyrkje i tre bygd i 1795. Ved Ålhus kyrkje kan ein sjå tuftene etter ei borg frå 1200-talet, bygd av Audun Hugleiksson. Ålhus kyrkje har ein del inventar frå ei stavkyrkje som tidlegare stod på same stad, Helgheim kyrkje, langkyrkje i tre bygd i 1877, og ei ny arbeidskyrkje, Vassenden kyrkjesenter, frå 2002.

Jølster Skisenter sør for Vassenden har hopp- og alpinbakke. Frå Lunde inst i Kjøsnesfjorden er det fotrute over breen til Fjærland, og frå Stardalen er det fotrute til Briksdal.

Avisa Firda vert redigert frå Førde, men dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa vart grunnlagt i 1912, kjem ut fire dagar i veka, og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) hadde eit liljekors i gull mot ein raud bakgrunn. Dette viser til Audun Hugleiksson, som førte eit liljemotiv i våpenet sitt.

Namn

Namnet vart i norrøn tid skrive Jǫlmstar, truleg opphavleg namn på Jølstravatnet eller elva Jølstra. Namnet kan ha samanheng med norrønt jalmr, 'brak'.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Førsund, Finn Borgen: Jølster : hundre år med bygd og bank, 2001.
  • Helgheim, Jarle: Jølster : bygda og breen, 2000.
  • Joleik, Albert: Soga um Jølst fram til 1801 og litevette um Breim, 1967.
  • Klakegg, Anders: Bygdebok for Jølster : ættesoge 1801-1974, 1985.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg