Artikkelstart
Firda er ei lokalavis som vart grunnlagd i 1917. Avisa kjem ut i Førde alle kvardagar. Avisa er sidan 1996 eigd av Amedia. Ansvarleg redaktør er Kai Aage Pedersen.
Firda er ei lokalavis som vart grunnlagd i 1917. Avisa kjem ut i Førde alle kvardagar. Avisa er sidan 1996 eigd av Amedia. Ansvarleg redaktør er Kai Aage Pedersen.
Etter eit halvår i typograflære hos Paul M. Gjærder i Volda reiste Kristian Ulltang heim att til Førde for å starte opp sitt eige trykkeri i 1914. Sju mil lenger vest låg Florø med bystatus og sine to aviser, medan Førde den gong var eit vegkryss utan avis. Ulltang meinte bygda måtte få ei avis som kunne målbære Indre Sunnfjord sine interesser, og hausten 1917 inviterte han dei fremste mennene i bygda til å teikne aksjar i det som skulle bli den største avisa i fylket. Vedtektene slo fast at avisa skulle vere nøytral «og ikke indta noget standpunkt i politiske spørsmaal».
Avisa vaks raskt i opplag og måtte avvise framstøyt frå Norges Bondelag som ønskte å kjøpe Firda i 1922. I 1928 kom Olai Nordeide inn som utgjevar og bladstyrar. Nordeide blei Firda sin dugande strateg som effektivt kontrollerte kjerneområdet sitt, Indre Sunnfjord, men i aukande grad også omlandet.
Firda kom ut under krigen, dei siste tre okkupasjonsåra med innsett NS-redaktør. Tingarane vende då ryggen til avisa, og resultatet var eit dramatisk fall frå 4000 til under 1000 i opplag. Men avisa hadde krabba attende til gamle høgder og kunne runda 5000 tingarar i 1954.
Hesjene stod framleis tett i Førde då sentrale styresmakter på 1960-talet fann ut at staden skulle bli vekstsenter i fylket. Folketalet blei fort mangedobla, og Firda sitt opplag vaks vidare til å bli størst i fylket, sjølv om ho så seint som i 1967 berre hadde to utgåver for veka.
Då Olai Nordeide slutta som redaktør i 1964, tok sønene Oddvar og Per over. I deira felles redaktørtid auka Firda opplaget frå kring 7000 til om lag 12 000. Avisa fekk nytt avishus i 1966, gjekk over til offsettrykk i 1973 og opna i 1979 eige avdelingskontor for Dalsfjordregionen. I 1983 døydde Per, og Oddvar Nordeide heldt fram som redaktør åleine. Sonen Kjell Ove Nordeide tok over i 1988 og var redaktør i to år.
Sidan krigen har Firda definert Ytre Sogn og ytre deler av Sunnfjord som sine nedslagsfelt, seinare også Florø, og såleis heile Sunnfjord. I dag rekk Firda endå lenger gjennom mange års satsing som fylkesavis.
Firda har møtt konkurranse på heimebane. På 1930-talet prøvde døgnflugene Sunnfjord Tidend og avisa Gjallarhorn å utfordre Firda. Med A-pressa i ryggen stod Firdaposten i Florø tidleg på 1990-talet bak ein dristig freistnad på å få innpass i Førde. Men om lag samstundes tok Orkla over Fjordenes Tidende i Måløy. I Sogn blei to aviser slått saman, og fjorden blei arena for ein ny storaktør, Husabø-familien i Leikanger. I dette biletet såg A-pressa interessene sine truga, og svaret kom i 1995. Konsernet kjøpte fylkets største avis og gjorde Firda til flaggskip på Vestlandet.
I tillegg til den daglege papirutgåva på kvardagar kjem Firda og ut som e-avis. Til og med 2015 dekkjer opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta.
Opplag
År |
Opplag |
1920 | 1200 |
1932 | 1000 |
1935 | 2000 |
1938 | 3000 |
1942 | 4000 |
1954 | 5224 |
1964 | 7132 |
1970 | 9088 |
1983 | 12545 |
1998 | 15011 |
2008 | 13875 |
2015 | 10014 |
2020 2021 |
11956 11458 |
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.