Faktaboks

Etymologi

‘bane for ridning’

Innbyggjartal
517 (SSB, 2023)
Landareal
0,6 km²
Tettstadsnummer
5643 Skei
Skei

Regnbue over hus og jorder i Skei i Sunnfjord.

Av /Shutterstock.

Skei er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 517 innbyggjarar (2023).

Skei ligg ved austenden av Jølstravatnet. Tre kilometer aust ligg Jostedalsbreen.

I Skei er det vegknutepunkt mellom E39 og riksveg 5 som fører til Fjærland i Sogn. I tettstaden ligg Skei hotell som vart etablert av Tollef Gabrielson Skrede i 1889 og som vart drive av familien til 2000-talet.

Namnet kjem av norrønt skeið (skeid), 'bane for kappløp eller riding'.

Skei var administrasjonssenteret i tidlegare Jølster kommune.

Kart

Skei
Skei
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg