Naustdal (tidlegare kommune)

Faktaboks

Landareal
356 km²
Innbyggertall
2 793 (2019)
Administrasjonssenter
Naustdal
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1433 (fram til 2020)
Høyeste fjell
Blåfjellet (1390 moh.)

Kommunevåpen

Naustdal. Naustdalsfossen og elva Nausta ved administrasjonssenteret. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Naustdal var ein kommune i Sogn og Fjordane. Den blei i 2020 ein del av Sunnfjord kommune, etter å ha blitt slått saman med Førde, Gaular og Jølster, og blei samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ein landsomfattande kommunereform.

Kommunen omfatta nordsida av Førdefjorden og den eigentlege Naustdalen, som strekker seg som ein kile 35 kilometer nordaustover mellom høge fjell. Fjella danna grensa til Gloppen i nord og Førde/Jølster i sør.

Kommunen vart skild ut frå Førde i 1896. I 1964 vart det meste av Vevring slått saman med Naustdal. Det same året vart delar av Naustdal overført til Førde.

Natur

Høgaste fjell i Naustdal er Blåfjellet, som ligg i nordaust på grensa til Gloppen. Toppen ragar 1390 meter over havet. Berggrunnen består hovudsakleg av gneis med eit par mindre område med gabbro og eklogitt ved Førdefjorden. Eklogitten er trengd opp gjennom gneisen i kaledonsk tid. Berggrunnen tilhøyrer Gneisregionen. Grønøyra naturreservat ligg ved utløpet av Nausta med sjeldne planteartar.

Busetnad

Busetnaden i den tidlegare kommunen ligg langs fjordsidene og oppover i Naustdalen, særleg i dei nedste del av dalen, som her har ein meir nord–sør retning. Tettast er busetnaden omkring det tidlegare kommunesenteret Naustdal, der Nausta munnar ut i fjorden.

Næringsliv

Naustdal er ei jordbruksbygd med mjølkeproduksjon og sauehald. Det finst ein del udyrka, dyrkbar jord. Den tidlegare kommunen har fleire bedrifter innan bygg og anlegg og dessutan handverk. Det er vidare steinbrot for eklogittEngebøfjellet med utskipingskai i Vevring. Nesten 60 prosent av dei yrkesaktive hadde arbeidet sitt utanfor kommunen ved kommunesamanslåinga, hovudsakleg i Førde.

Det er lite vasskraftproduksjon i Naustdal. Den gjennomsnittlege årsproduksjonen i kommunen var på 19 gigawattimar (GWh) i 2016. Det er fire kraftverk i den tidlegare kommunen og høgaste fallhøgde er 308 meter.

Samferdsel

Riksveg 5 Lærdal–Sogndal–Førde–Florø går gjennom den nedre delen av Naustdalen. Vegen går gjennom den 5940 meter lange Naustdaltunnelen til Svarthumle i Flora. Fylkesveg fører opp til dei øvste gardane i aust på 300 meter over havet. Riksveg 611 går langs Førdefjorden.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Naustdal høyrde til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Flora, Førde, Gaular og Jølster.

Naustdal kommune svarer til soknet Naustdal i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Naustdal til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Naustdal

For statistiske formål var Naustdal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 13 grunnkrinsar: Kvellestad, Vevring, Redal, Helle, Frammarsvik, Naustdal vest, Naustdal aust, Åse, Horstad vest, Horstad aust, Ullaland nord, Ullaland sør og Fimland.

Historikk og kultur

Naustdal har årleg kunstutstilling i Vevring. På Russeneset ved Ålesundet ligg eit friluftsområde med naturstiar. Naustdal kyrkje er ein langkyrkje i tre, som vart bygd i 1891 med portal frå 1200-talet i kyrkjegardsmuren. Vevring kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1846, som vart påbygd i 1946 og 1987.

Over Slettehaug ved Førdefjorden stod det største luftslaget i Noreg tre månader før frigjeringa i 1945. Her ligg Luftkampmuseet i Naustdal. Den 18. februar 1982 skjedde ei av dei verste rasulykkene på norske vegar då fire medlemmer av New Jordal Swingers mista livet.

I Naustdal vart det i 2007 avduka eit monument til ære for kunstnaren Kjartan Slettemark, som var fødd og oppvaksen her. Kvar haust vert Vevringutstillinga arrangert, med verk av kunstnarar frå fleire land.

Avisa Firda er den største avisa i kommunen, og dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagd i 1918, kjem ut seks gonger i veka og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) hadde eit blått skjoldhovud laga med breitt tannsnitt mot ein sølvfarga bakgrunn. Dette illuderte fiskenaust.

Namn

Første ledd i namnet er naust, ‘båthus’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kleiveland, Geir: Naustdal bygdebok : gards- og ættesoge, 1995-99, 3 bind.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg