Breim.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Breim er ei bygd i Gloppen kommune i Vestland fylke.

Faktaboks

Uttale

Breimn

Etymologi

norrønt Breiðefni 'brei strekning eigna for dyrking'

Også kjend som

Breimn

Tidlegare var Breim eigen kommune i dåverande Sogn og Fjordane fylke, men vart i 1964 overført til Gloppen kommune med unntak av eit lite område ved sørenden av Breimsvatnet som vart innlemma i Jølster kommune. I 2020 vart Sogn og Fjordane innlemma i Vestland fylke.

Breimsbygda ligg i Nordfjord lengst aust i kommunen og søraust for kommunesenteret. Det er kjent som ei rik og vakker jordbruksbygd. Noko aust for Breimsvatnet går Våtedalen med E 39. Breim har to tettstader; ved Breimsvatnet ligg Re 370 innbyggjarar (2019), og nordlegast i Våtedalen ligg Byrkjelo med 324 innbyggjarar (2019).

Breim kyrkje er ei langkirke frå 1886 på Reed, der det tidlegare har vore i alt fire kyrkjer. Den første var frå 1200-talet og brann saman med prestegarden i 1334.

Breimsbygda IL arrangerte NM i friidrett i 1988 og 1999 på Byrkjelo stadion. I nord ligg Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet.

I Breim ligg fjellet Vora på 1435 meter over havet. På Vorafjellet samla heksene seg til sabbat, ifølgje tradisjonen. Hekseprosessar gjekk føre seg frå slutten av 1500-talet til byrjinga av 1700-talet. Heksene vart brende på Anda, der det i dag står eit monument.

Eggenipa er eit fjell sør for garden Egge i Breim på 1338 meter over havet. Motbakkeløpet Eggenipa opp blir arrangert årleg.

Namnet

Namnet Breim er av norrønt 'brei' og 'emne', det vil seie 'brei strekning eigna for dyrking'; opphavleg truleg eit gardsnamn.

Kart

Breim
Breim
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg