Sandane

Sandane.

Sandane innerst i Gloppenfjorden.

Artikkelstart

Sandane er ein tettstad i Gloppen kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,4 km², og har 2484 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Etymologi

av sand

Innbyggertall
2484 (SSB, 2021)
Landareal
2,4 km²
Tettstedsnummer
5721 Sandane

Sandane er administrasjonssenter i Gloppen kommune. Sandane ligg ved botnen av Gloppenfjorden, som er ein 12 kilometer lang søraustgåande arm av Nordfjorden.

Næringsliv

I Sandane ligg noko industri, mellom anna trevare- og møbelindustri. Tettstaden er dessutan eit handels- og skulesenter. Sandane er sete for Sogn og Fjordane Energi.

Firda Tidend kjem ut i Sandane. Her ligg òg Nordfjord Folkemuseum. Det er kortbaneflyplass på Anda nordvest for tettstaden på Sandane lufthamn. Det er noko turisttrafikk.

Namn

Namnet er bestemt form fleirtal av 'sand'. Elva gjer ein stor sving rundt bygda, og området innanfor blir liggjande som ei øy av sandavsetningar.

Kart

Sandane
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg