vinter-OL

Frå dei olympiske vinterleikane i Sotsji, Russland i 2014. 15 kilometer skibyte for damer med Marit Bjørgen, Therese Johaug og Heidi Weng (8. februar 2014).
/Aftenposten.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Olympiske vinterleikar, vinter-OL, er eit idrettsstemne der ei rekkje internasjonale idrettskonkurransar innan vinteridrett vert arrangert under ein felles olympisk paraply. Vinter-OL vert arrangert kvart fjerde år.

Sidan starten i Chamonix i 1924 har Dei olympiske vinterleikane vore arrangert i Noreg to gongar; Oslo (1952) og Lillehammer (1994). Om ein samanliknar dagens nasjonar, er Noreg den mestvinnande nasjonen i vinter-OL gjennom tidene. Marit Bjørgen er den mestvinnande einskildutøvaren, med totalt 15 medaljar frå til saman fem ulike olympiadar.

Dei fyrste vinterleikane

Vinteridrettar stod fyrste gong på programmet under sommarleikane i London i 1908 (kunstløp) og i Antwerpen i 1920 (kunstløp og ishockey). I mellomtida motarbeidde dei nordiske landa forsøk frå Den internasjonale olympiske komité (IOC) på å innføre olympiske vinterleikar, då dei nordiske landa såg desse som ein konkurrent til eigne nasjonale og nordiske vinteridrettskonkurransar.

Olympiske vinterleikar vart fyrste gong arrangert i Chamonix, Frankrike i 1924. Konkurransene vart opprinneleg kalla «internasjonal vintersportsveke», men fekk offisiell status som olympiske vinterleikar to år seinare. Det deltok 258 utøvarar frå 16 land i 16 enkeltøvingar fordelt på ski, skøyter, ishockey, bobsleigh og curling.

Noreg i dei fyrste vinterleikane

Nordmannen Thorleif Haug tok tre gull i langrenn og kombinert, og enda til slutt på ein imponerande fjerdeplass i spesialhopprennet. Elleve år gamle Sonia Henie debuterte i kunstløp i OL-samanheng. Ho enda på sisteplass i konkurransen.

I St. Moritz i Sveits fire år seinare tok Johan Grøttumsbråten gull i langrenn og kombinert, og 15 år gamle Sonia Henie tok sitt fyrste av til saman tre OL-gull i kunstløp. Meisterskapen elles blei prega av varmt vêr, då fønvind bles inn over arrangørbyen. Fleire konkurransar blei anten utsette eller avlyste, sidan det blei målt opp mot 24 °C enkelte ettermiddagar.

Den norske OL-motstanden vart mindre etter at Noreg blei beste nasjon og vann alle fire skigreinene, men også før dei neste vinterleikane i 1928 var det norske motførestillingar, blant anna innan skiidrett.

Seinare år

Seinare vart vinterleikane arrangerte same år som sommarleikane og med fire års mellomrom. Leikane vart avlyst i 1940 og 1944, men i motsetnad til for sommarleikane går ikkje avlyste vinterleikar inn i nummereringa.

Frå 1992 vart vinterleikanes syklus forskyvde to år i forhold til sommarleikane, slik at det vart vinterleikar i 1994 (Lillehammer) og deretter kvart fjerde år. Det er dermed OL annakvart år, vekselvis sommar- og vinterleikar.

Utvikling i idrettsgreiner

I 1936 vart alpin skiidrett teke inn i OL-programmet i form av alpin kombinasjon (begge kjønn). Slalåm og utfor vart sjølvstendige øvingar i 1948, storslalåm i 1952. Kvinner fekk delta i langrenn fyrste gong i 1952, i hurtigløp på skøyter i 1960. Seinare har fleire nye idrettar kome på OL-programmet: skiskyting, aking, freestyle på ski og kortbaneløp på skøyter, i 1998 (Nagano) også curling og snøbrett og i 2002 (Salt Lake City) skeletonaking på nytt.

Nye øvingar i gamle idrettar er også kome til, og i 2002 fekk kvinner tilgang til bobsleighkonkurransane. I Sotsji i 2014 vart også skihopping som OL-idrett opna for kvinner. På 2010-talet vart det lagt til nye øvingar innanfor freestyle og snøbrett, samt mikskonkurransar i fleire idrettar. I Pyeongchang i 2018 var talet på øvingar for fyrste gong over 100 i vinter-OL med totalt 102 medaljeøvingar.

Dopingpolitikk og skandalar

I nyare tid har OL-arrangementet vore omdiskutert i mange land, sidan kostnadane for å arrangere OL har auka drastisk. Krava til infrastruktur, fasilitetar og sikring er høge, og norske byar som Tromsø, Oslo, Trondheim, Lillehammer og fylket Telemark (no Vestfold og Telemark) har alle løfta fram ideen om å bli arrangørar, men har ikkje fått den nødvendige støtta verken i folket eller på Stortinget. Dei høge økonomiske krava har òg ført til at mange land er tilbakehaldne med å søkje om å arrangere vinter-OL, fordi utgiftene til arrangementet vil gjere solide innhogg i statsbudsjetta.

Eit døme er sikringsutgiftene som etter terroråtaka 11. september 2001 blei mangedobla. Under sommar-OL i Sydney i 2000 vart det brukt rundt 1,6 milliardar kroner på sikring, medan sommar-OL i Aten brukte i overkant av tolv milliardar kroner berre fire år seinare. Summen har i ettertid halde seg på dette nivået. Vidare har også rekorddyre arrangement som sommar-OL i Beijing (2008), med ein budsjettsprekk på over 200 milliardar kroner, og vinter-OL i Sotsji i 2014, med meir enn 330 milliardar i meirforbruk, vore med på å forsterke inntrykket av pengesløsing.

I tillegg har kritikken hagla mot Den internasjonale olympiske komiteen (IOC), organet som står bak meisterskapen, mellom anna på grunn av skuldingar om korrupsjon innanfor IOC, dopingbruk og andre skandalar.

Vinter-OL til Noreg

Skøyteløp på Bislett stadion under OL i Oslo i 1952
Av .
Lisens: CC BY NC 3.0

I 1952 vart OL for fyrste gong arrangert i Noreg. Oslo stod som arrangør for dei sjette olympiske vinterleikane, etter eit opphald på tolv år mellom 1936 og 1948, på grunn av andre verdskrig. I samband med leikane i Oslo vart tradisjonen med OL-fakkel også teke i bruk under vinterleikane. Fakkelstafetten starta i Morgedal, fødestaden til Sondre Norheim, skipioneren frå Telemark.

Frå og med OL i Garmisch-Partenkirchen i 1936 kom også alpine idrettar på programmet, og talet på både idrettar og medaljeøvingar voks stadig. Storslalåm stod på programmet for fyrste gong under OL i Oslo, og kvinner fekk no også delta i langrenn.

Leikane i Oslo blei kjende for det entusiastiske publikumet og for dei store folkemassane som følgde dei ulike konkurransane. Hjalmar «Hjallis» Andersen blei leikane sin store profil, med tre gull frå skøytekonkurransane. Noreg tok også dobbeltsiger i hoppkonkurransen, noko som gjorde at nordmenn hadde teke heile 14 av til saman 18 medaljar i skihopping sidan dei fyrste leikane i 1924.

Lillehammer-OL og norske medaljar

Kong Harald stod for den offisielle åpningen av OL på Lillehammer.
Av /NTB scanpix.

I 1994 var leikane attende i Noreg, denne gong på Lillehammer. Med i alt 1737 deltakarar frå 67 land, fordelt på 61 ulike tevlingar, var leikane langt større enn dei i Oslo 42 år tidlegare. Johann Olav Koss tok tre gull på skøyter, medan Bjørn Dæhlie tok to gull og to sølv i langrenn. Til saman tok Noreg 26 medaljar under leikane, noko som fram til OL i Pyeongchang (2018) var den mest suksessfulle meisterskapen for Noreg gjennom tidene. I Pyeongchang tok Noreg heile 39 medaljar og blei beste nasjon med god margin.

Mestvinnande utøvarar

Sidan starten i 1924 har Noreg synt seg å vere ein av dei store medaljegrossistane i vinter-OL. I og med at både Russland og Tyskland har konkurrert under ulike flagg gjennom tidene, er Noreg det klart mestvinnande landet gjennom historia dersom ein samanliknar dagens nasjonar.

Den norske langrennsløparen Marit Bjørgen er den mestvinnande vinterolympier gjennom tidene med åtte gull-, fire sølv- og tre bronsemedaljar i perioda 2002–2018. Skiskyttar Ole Einar Bjørndalen fekk åtte gull-, fire sølv- og ein bronsemedalje mellom 1998 og 2014, medan Bjørn Dæhlie fekk åtte gull og fire sølv i langrenn i perioda 1992–1998.

Etter vinter-OL i 2018 har Noreg teke totalt 368 medaljer i vinter-OL, deriblant 132 gullmedaljar. Det er flest av alle nasjonar. Noreg har vunne dei fleste av sine medaljar i langrenn; totalt 121 medaljar, der 47 av desse er gull.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bergeland, Inge (1998): Olympiske vinterleker 1924–1994. Høydepunkter, resultater og medaljevinnere. Gyldendal, Oslo.
  • Jorsett, Per og Møst, Aage (1991): Boken om de olympiske vinterlekene. Grøndahl og Dreyer, Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg