Morgedal

Morgedal her representert med Sondre Nordheim sitt fødested.

Artikkelstart

Morgedal er ei bygd i Kviteseid kommune, Telemark.

Gjennom Morgedal fører E 134 frå Seljord mot vest til Vinje og Haukeli. Dei øvste gardane ligg på 600 meter over havet og dalbotnen på 300 til 500 meter over havet. I Morgedal er det turisthotell og fleire pensjonat.

Morgedal er kjent som den moderne skisportens heimstad, med Sondre Norheim og brørne Torjus og Mikkel Hemmestveit med fleire). I Morgedal ligg Norsk Skieventyr, som er eit skihistorisk museum og opplevingssenter med mellom anna Bjaalandmuseet. Elden til Fakkelstafetten før Lillehammer-OL 1994 blei tent i Morgedal i november 1993.

Kart

Morgedal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg